Utdanning
14.10.2016
Ved lønns- og arbeidstidsforhandlingane neste år må kommunane redusere årsramma for norsklærarar. Arbeidsbøra for norsklærarar er for stor, med førebuing, undervisning og ikkje minst tilbakemelding på tekstar og retting.
Ein lærar i full stilling i norsk må rekne med å arbeide dei fleste kveldar og helger. Skolane slit med utbrende norsklærarar som er kvalifiserte, men ikkje lenger vil undervise i faget. Både hovudmål- og sidemålsopplæringa blir ofte lidande i dette. Full stilling i norsk på vidaregåande trinn 1 og trinn 2 vil seie at ein norsklærar har over 100 elevar fordelt på fire klassar som skal ha karakter frå undervegsvurdering til jul og sommar i hovudmål, sidemål og norsk munnleg. To stilar per elev og per karakter i
Gå til mediet


































































































