Tone Dahl-Michelsen, professor, OsloMet-Storbyuniversitetet: Institutt for rehabiliteringsvitenskap og helseteknologi. VID vitenskapelige høgskole: Institutt for helse.
Denne vitenskapelige artikkelen er fagfellevurdert etter Fysioterapeutens retningslinjer, og ble akseptert 23.juni 2023. Studien artikkelen baseres på er godkjent av Norsk senter for forskningsdata (NSD) - Referanse 121179. Skriftlig samtykke er innhentet fra alle studiens informanter. Ingen interessekonflikter oppgitt.
Samandrag
Føremål: Føremålet med studien er å frambringe kunnskap om kva som kjenneteiknar den profesjonelle fysioterapipraksisen for barn og unge med overvekt.
Design, materiale og metode: To kvalitative fokusgruppeintervju med totalt sju fysioterapeutar. Det empiriske materialet er analysert tematisk. Teoretisk er analysane inspirert av omgrepet det profesjonelle blikket, som i denne studien er fysioterapiblikket.
Funn: Funna vert presentert som fire tema: 1) Vekt som tilvisingsgrunn til fysioterapi, 2) Foreldredeltaking som del av fysioterapitilbodet, 3) Overvekt og utfordrande familiesituasjonar, og 4) Fysioterapi - ein praksis for gode kroppsopplevingar.
Funna viser at den profesjonelle praksisen til fysioterapeutar som arbeider med barn og unge med overvekt vert kjenneteikna av at vekt har vorte ein direkte tilvisingsgrunn til fysioterapi etter at helsesjukepleiarar i tråd med gjeldande helsepolitikk målar og veg barn og unge. Foreldredeltaking er ein del av fysioterapitilbodet, og fysioterapeutane erfarer overvekt som ein del av utfordrande familiesituasjonar. Bevegelsesglede og eit godt forhold til eigen kropp er også eit sentralt kjenneteikn ved den aktuelle fysioterapipraksisen.
Konklusjon: Vi argumenterer for at fysioterapeutar sin profesjonelle praksis primært bør leggje vekt på at barna finn eigne former for bevegelse og fysisk aktivitet som dei likar og kan halde fram med, trass i overvekta si. Det vil kunne gje gode helsegevinstar i ungdoms- og vaksenlivet.
Nøkkelord: barn og unge, overvekt, fysioterapitilbod.
Abstract
The physiotherapy practice for children and adolescents with overweight: A qualitative focus group interview study of physiotherapists' experiences
Purpose: The purpose of the study is to generate knowledge about the characteristics of the professional physiotherapy practice for children and adolescents with overweight.
Design, material and method: Two qualitative focus group interviews with a total of seven physioterapists. The empirical material is analysed tematically. Theoretically, the analysis is inspired by the term «the professional gaze», which in this study is the physiotherapy gaze.
Findings: The findings are presented as four themes: 1) Weight as reason to get access to physiotherapy services, 2) Parental participation as part of the physiotherapy offer, 3) Overweight and challenging family situations, and 4) Physiotherapy - a practice for good body experiences.
The findings show that the professional practice of physiotherapists who work with children and adolescents with overweight is characterised by the fact that weight has become a direct reason for referral to physiotherapy after health nurses in line with current health policy measure and weigh children and adolescents. Parental participating is part of the physiotherapy practice and the physiotherapists experience overweight as part of challenging family situations. Pleasure of movement and a good relationship to one's own body is also a central characteristic of the actual physiotherapy practice.
Conclusion: We argue that the physiotherapists' professional practice should primarily emphasise that children discover their own forms of movement and physical activity that they enjoy and can continue inspite of their overweight. This will provide good health benefits in youth and adult life.
Key words: children and adolescents, overweight, physiotherapy practice.
Bakgrunn
Førekomsten av overvekt og fedme hos barn og unge er utbreidd, både i verdssamanheng og i Noreg (1-2). Utvikling av overvekt skuldast i hovudsak ein kombinasjon av arv og disponerande miljøfaktorar og inaktivitet, skjermtid, kosthald, psykososiale og sosioøkonomiske faktorar er moglege årsaker og risikofaktorar til overvekt (3). Barn med overvekt har ofte fleire medisinske problem enn barn med normalvekt, til dømes auka risiko for hjarte- og karsjukdommar, høgt kolesterol, forstyrra glukoseintoleranse og søvnapnè, samt psykososiale risikofaktorar (2-4). Barn si psykiske helse kan også verte påverka av overvekt, og barna er ofte meir utsett for mobbing, negative kommentarar, stigmatisering, angst, depresjon og einsemd (3, 5-6). Barna kan ofte ha vanskar med å henge med jamgamle barn i leiken grunna vekta, noko som kan vere eit hinder for gode meistringserfaringar (5). Overvekt kan altså gje ei rekke negative helse- og psykososiale konsekvensar, og tilstanden skaper ofte ei bekymring.
Samtidig viser behandlinga av overvekt nedslåande resultat, og helsepersonell si tilnærming med fokus på veging er omdiskutert (3, 7-8). Måling av vekt og lengde av alle barn er ei sterk anbefaling frå Helsedirektoratet (9) og skal brukast til å vurdere det individuelle barnet si vekst og utvikling, samt kunne avdekke avvik på tidleg tidspunkt. Når det gjeld barn med avdekka overvekt er måling av vekt og lengde eit anbefalt tiltak for å kunne vurdere effekt av behandlingstiltaka som er iverksett (3). Systematiske målingar vil også gjere det mogleg å kunne følgje vekstutvikling i barnebefolkninga over tid, og det er ifølgje Helsedirektoratet ikkje kjende ulemper med tiltaket (9).
Personlege historier i media om negative erfaringar med veging i barne- og ungdomsåra, og utvikling av eteforstyrringar, utfordrar og nyanserer slike påstandar (10). I samfunnsdebatten er det fleire forskarar som har uttrykt skepsis til veginga, særleg med tanke på uavklarte og utilsik


































































































