Med utgangspunkt i ein sliten, gammal mjølkefjøs har Trond Vidar Berge bygd opp ein buskap av charolais. Etter at det blei dokumentert at buskapen hans er fri for smittsam hoste og diaré, har han tatt rolla som smittevernsjef på eigen gard på enda større alvor.
- Eg var raskt ute med å tilpasse meg, fordi kontrollprogrammet høyrdest fornuftig ut. Sidan eg hadde kjøpt mange dyr, hadde eg ingen idé om korleis eg låg an med tanke på smitte. Heldigvis viste prøvane at buskapen var grøn på alt, fortel han.
FULL GJENNOMGANG MED VETERINÆRENBonden har fått smittevernrutinar inn i blodet som slaktegrisprodusent. Saman med sin faste veterinær, Kjartan Søyland, tok han ein full gjennomgang av heile garden for å kartleggje korleis han betre kunne verne dyra sine mot overføring av smittsame sjukdommar. Skrekkhistoriar om mjølkeprodusentar som hadde tapt opptil 350 000 kroner på eitt år, var skremmande. Spørsmålet var korleis han kunne verne seg i praksis.
- Tilbakemeldinga frå veterinæren var at det stort sett er enkelt å få til praktiske løysingar rundt om på gardane. Det treng ikkje sjå fint og fancy ut, så lenge det fungerer. Det er bonden som er smittevernsjef på garden, seier Trond Vidar.
Som smittevernsjef hos Nordåsen Charolais bestemte Trond Vidar seg for at det er «my way or the highway». Han har instruert sine faste fjøsvandrarar om korleis han vil at dei skal opptre når dei kjem til gards. Veterinærar og inseminørar skal parkere bilen langs etter fjøsen, slik at dei berre har to-tre steg å gå før dei er ved døra til besøksinngangen. Der skal dei ha på seg fjøsen sin kjeledress og støvlar, og dei skal vaske hendene. Inseminøren har ein fast krakk å setje kofferten sin på. Når dei er ferdige, skal dei ut gjennom smitteslusa på same vis som dei kom inn.
DYREBILSJÅFØREN ALDRI INN I FJØSENSom slaktegrisprodusent har Trond Vidar tre faste dyrebilsjå


































































































