Eit par kilometer opp frå Todalsfjorden buktar Toåa seg halvvegs rundt Pestua gard. Ein av fleire gardar i Todalen der det er investert store pengar i mjølkeproduksjon dei siste åra. Frå nyttår av skal to robotar dele på å mjølke 900 tonn mjølk i året her.
LA PLANANE PÅ ISEtter at kyrne mjølka sine siste liter i 1980, har Asbjørn Karlsen drive med framfôring av oksar på Pestua, og for vel ti år sidan byrja han å vurdere utbygging. Han fekk teikningar på eit fôrbrett nummer to, men droppa planane fordi fjøset låg for nære hovudhuset på garden.
- Me konkluderte med at me ikkje kunne byggje om gammalfjøsen for to millionar kroner, når han ligg berre sju meter frå hovudhuset. Hadde me bygd på fjøsen, kunne me aldri gjort om på det igjen, seier han.
Oksefjøsen blei lagt på is til fordel for eit hønsehus til 7 500 verpehøner, men då det var komme i drift, byrja Karlsen å tenke på nytt bygg til oksane igjen. Problemet var at han måtte ofre litt dyrka jord, for å få flytta oksane til ein ny fjøs.
UTGANGSPUNKT I FLEIRBRUKSFJØSFjøsen bl


































































































