Forskerforum
29.01.2024
- Det er oppgåva vår å fortelje studentane korleis dei kan bruke KI-verktøy. Men då må vi først kunne det sjølve, seier utdanningsforskar Sehoya Cotner.
Nyleg kunne Språkrådet kunngjere at årets ord i 2023 var «KI-generert». Kåringa reflekterer at generativ kunstig intelligens (KI) har vore den store snakkisen sidan tekstroboten ChatGPT, det mest kjende av desse verktøya, vart sleppt laus på internett før jul i 2022 (sjå faktaboks). Innanfor akademia har debatten hovudsakleg handla om studentane og korleis dei kan hindrast i å bruke KI til å fuske. Men kva med dei tilsette?
Den vanskelege intelligensen
- Så, er det kunstig intelligens du vil snakke om, eller er det ChatGPT? spør Pinar Heggernes. Ho er prorektor ved Universitetet i Bergen (UiB) med ansvar for utdanning og digitalisering, men ho er også professor i informatikk og forskar på algoritmar. Dessutan leier ho styringsgruppa for samarbeidsplattforma for KI ved UiB.
For faktum er at KI har prega akademia i tiår allereie. Det har vore eit forskingsfelt i seg sjølv, og har med tida fått stadig fleire praktiske bruksområde, frå å stille diagnosar frå medisinske bilete, berekne forma til eit protein, eller optimalisere kraftproduksjonen i ein vindmøllepark.
Etter at ChatGPT kom, kan ein få inntrykk av at alt som tidlegare heitte algoritmar, stordataanalyse eller maskinlæring, no har fått merkelappen kunstig intelligens.
- No snakkar alle som om dette er nytt, men vi har drive på med det sidan 1980-talet, seier Pinar Heggernes om språkmodellane som ligg bakom ChatGPT og venene hens.
- Men no har ein tilgang til mykje meir digitale data enn tidlegare, og dermed har teoriane fått praktisk nytte. Vi har nokså brått fått tilgang til ei mengd nye verktøy, som er blitt gode til å kommunisere på menneskeleg språk, slik at ein får inntrykk av å snakke med eit intelligent vesen.
Heggernes meiner det beste hadde vore om vi ikkje brukte ord som tenking, læring og intelligens om det som eigentleg er avanserte statistiske verktøy som, etter å ha blitt trente på store datamengder, justerer sin eigen aktivitet i møte med ny input. Men ho innser at den kaviaren neppe kan puttast tilbake på tuben.
- Fordi ordet intelligens blir brukt, kan det verke overveldande, men for meg er dette berre ein del av digitaliseringa.
Generative snarvegar
Inntrykket frå det siste året er at det er nokså uklart kva som eigentleg skal vere rolla til akademia i den KI-revolusjonen som tilsynelatande er rett rundt hjørnet. Kva er det meininga at den jamne tilsette skal bruke dei generative KI-verktøya til?
- Brukarkontoane til UiB-tilsette ligg hos Microsoft, og gjennom dei har vi tilgang til tekstroboten Bing Chat og til siste versjon av biletgenereringsverktøyet DALL-E, fortel Heggernes.
- Når eg til dømes skal halde eit foredrag, likar eg å byrje med å lage eit bilete. Det kan fungere godt som utgangspunkt for foredraget.Ho tek oss med bort til skrivebordet og viser fram eit bilete ho har fått laga til eit foredrag ho skal ha for ordførarar på Vestlandet. Bing Chat (som teknisk sett nyleg vart omdøypt til Copilot) tolkar vestlandske ordførarar er eit slags ting av dresskledde menn i ring rundt eit generisk nordisk trehus på ein holme i ein fjord, rikeleg forsynt med norske flagg.
Det er altså lett å sjå at KI-genererte bilete kan eigne seg godt som inngang til eit foredrag, om enn kanskje ikkje heilt
Gå til medietDen vanskelege intelligensen