AddToAny

Forskaren som ville klone seg sjølv

Forskaren som ville klone seg sjølv
For 20 år sidan ville ein norsk forskar klone seg sjølv. Prosjektet blei stoppa. Ettertida har vist at han var på sporet av noko viktig.
Vi reiser tilbake til 2001. Sigurd From er førsteamanuensis og forskar ved Universitetet i Oslo (UiO). Han leier ei forskargruppe som forskar på stamceller - spesielt ein type stamceller som kan gi opphav til alle cellene i ein kropp. Førebels jobbar dei med mus.
Internasjonalt er det stor optimisme på feltet. Eitt av måla er å finne ut om ein kan få spesialiserte celler, for eksempel hudceller, til å gå i barndomen igjen. Vi kan kalle det ei avprogrammering, slik at cellene blir i stand til å gi opphav til alle celletypar.
Ein ser føre seg å styre slike celler når dei spesialiserer seg på nytt. Slik kan det bli mogeleg å dyrke fram celletypar, vev eller til og med heile organ som pasientar treng. Dette vil ha pasientane sitt arvestoff, og vere utan risiko for avvisinga som kan skje ved vanleg transplantasjon.

Framtid fri for sjukdom
Dei tidlege cellene i eit menneskeliv held framleis på nokre av løyndomane sine. Korleis klarer cellene å organisere seg i kroppen ved å ta på seg ulike roller og former? Kvifor går det nokre gonger gale? Spontanabort. Utviklingsfeil. Sjukdom.
Det medisinske potensialet kan vere stort. Kor langt skal samfunnet la forskarane gå for å nå måla sine? I 2001 er dette ei svært aktuell problemstilling.
I eit intervju med avisa Uniforum skisserer From ei framtid fri for både kreft, hjartesjukdom, malaria og diabetes.
Det er ei framtidstru han deler han med mange andre på denne tida. Akkurat no ventar han på svar frå Regional komité for medisinsk forskningsetikk (REK) om eit prosjekt han vil sette i gang.
Medlemmene i komitéen slit med å vurdere om dei skal gi etisk godkjenning til prosjektet til From. Sakshandsaminga har gått føre seg eit heilt år.

Den vanskelegaste saka
I det aller første nummeret av Forskningsetikk, som kom ut i 2001, blir nokre av komitémedlemmene intervjua.
- Utvilsamt den vanskelegaste saka vi har hatt til vurdering på lenge, seier komitéleiar Sigurd Nitter-Hauge.
Han viser til at stamcelleforsking blir køyrt fram som ei medisinsk landevinning som skal sørgje for utvikling av små og store reservedelar til menneska.
- Teoretisk kan dette på lengre sikt gjere eit heilt klona menneske mogeleg, seier Nitter-Hauge.
Han samanliknar feltet med forskinga på atomenergi, som gav både atombomba og kjernekraft.
- Tradisjonell etisk teori strekk ikkje til, seier filosof Øyvind Baune, som er fagetikar i komitéen.
For å skjøne kvifor prosjektet til From får etikkekspertane til å rive seg i håret, må vi tilbake til start. Det vil seie til byrjinga på eit menneske.

Omstridde stamceller
Ei stamcelle er altså ei celle som kan gi opphav til fleire ulike typar celler. Alle har stamceller i kroppen. Blodstamceller kan til dømes bli både raude blodceller, kvite blodceller og blodplater.
Det største potensialet finn vi i stamceller frå embryo, altså foster som er nokre få dagar gamle. Det er desse stamcellene som kan gi opphav til alle andre celler. Over 200 ulike typar celler i ein menneskekropp. Frå hjarte til hjerne, hud og auge. Forskarane kallar dei embryonale stamceller.
Medan From ventar på REK, er det mange forskarmiljø som studerer stamceller frå vaksne kroppar, på fagspråket kalla adulte stamceller. På grunn av det avgrensa potensialet for spesialisering kjem ikkje forskarane heilt i mål med desse.
I nokre land er det difor blitt opna for å forske på menneskelege embryonale stamceller. Første gong ein forskar isolerte slike celler frå eit få dagar gammalt embryo, var i 1998.
Miljøa som har fått lov, jobbar intenst med å prøve å styre embryonale stamceller til å spesialisere seg på bestemte måtar. På denne tida er det ikkje lov med slik forsking i Noreg. Debatten rasar.Øydelagde embryo
Store delar av forskingsmiljøet meiner dei treng å jobbe med humane embryonale stamceller. Eit sentralt etisk dilemma er at embryoet blir øydelagt når stamcellene blir henta ut. Øydelegging av starten på eit menneske. Eller ein celleklump. Alt etter korleis ein ser det.
I og for seg ikkje noko nytt, sidan destruering av embryo lenge har vore vanleg i samband med assistert befruktning. Berre ikkje omtala som embryo, men som overtalige befrukta egg. Er det greitt å bruke desse til forsking i staden, dersom «foreldra» vil gi sitt samtykke?
Nei, meiner norske lovgivarar. Dette grunngir dei mellom anna med omsynet til menneskeverdet.

From-mus-klon
From har ein plan han trur kan løyse dilemmaet. Han vil framstille embryonale stamceller utan å bruke menneskelege
Les opprinnelig artikkel

Flere saker fra Magasinet Forskningsetikk

Professor David Southall avslørte at 33 barn ble utsatt for livstruende vold av sine foreldre. Den kontroversielle bruken av skjult kamera gjorde ham til den mest omstridte barnelegen i Storbritannia.
Noen mener ny teknologi kan bli vår redning. Andre ser for seg menneskehetens undergang. Vi bør se oss tilbake mens vi går framover.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt