Fagbladet
04.11.2019
Kvifor lagar Nina Amble ein motsetnad mellom 6-timarsdag og 30 timars veke? Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen
«Sekstimersdagen er absolutt ikke veien å gå», seier forskar Nina Amble i eit intervju med Fagbladet. Ho meiner fire dagars veke er ei betre løysing for å få meir heiltid og rekruttera til helsesektoren. Dersom ho reknar med ei arbeidstidsforting til 30 timars veke, vil det vera tale om fire 7,5 timars dagar i veka for dei som arbeider på dagtid. Utan arbeidstidsforkorting vil dei fire arbeidsdagane i snitt vera på omlag 9,4 timar.
Les merDet er ikkje lett å skjønna Amble si skepsis til sekstimarsdagen. Når ho seier at ho er så «lei de livmorfeministene [som] kommer som en torpedo fra siden og skal h