Forskerforum
05.04.2016
Noreg skal vere eit føregangsland for open tilgang til forsking, har regjeringa bestemt. Snart kjem forslag til nasjonale retningsliner for institusjonane.
- Det må ikkje ende med store ord som ikkje blir gjennomførte. Så vi har fått signal om å vere dristige og tenkje nytt, seier professor i religionshistorie ved Universitetet i Oslo, Torkel Brekke.
Brekke leiar arbeidsgruppa som skal kome med framlegg til nasjonale retningsliner for open tilgang til forskingsartiklar i midten av juni.
~ SER IKKJE RELEVANSEN At resultata av offentleg finansiert forsking bør vere fritt tilgjengelege, er noko «alle» er samde om. Brekke viser til det urettferdige i at til dømes offentleg tilsette og bedrifter ikkje har tilgang til forsking som kunne ha hjelpt dei å gjere jobben sin betre. Det er blitt vanleg at aktørar som finansierer forsking, krev at forskarar som får støtte, må publisere forskinga si med open tilgang. Likevel går ikkje utviklinga så fort som mange håpa på.
- Eg trur hovudgrunnen er at forskarane ikkje ser spørsmålet om open tilgang som relevant i kvardagen. Dei blir heile tida målte og vegne og opplever det som
Gå til medietBrekke leiar arbeidsgruppa som skal kome med framlegg til nasjonale retningsliner for open tilgang til forskingsartiklar i midten av juni.