BUSKAP
10.04.2017
Etter kvart som enga blir eldre vil kulturgraset gå ut, og villgras, kveke og anna ugras kjem inn som erstatning. Dermed går avlingsnivået ned. Forsøk viser at avlinga kan bli redusert med 10-20 prosent pr. engår dersom enga ikkje blir fornya.
Ingenting kan erstatte plogen ved fornying av eng. Tradisjonelt gjenlegg er likevel dyrt og arbeidskrevjande, og for å halda oppe avling og kvalitet etter kvart som enga blir eldre, har mange prøvd seg med ein eller annan form for direktesåing i etablert eng. Direktesåing, eller vedlikehaldssåing som ofte det ofte blir kalla, vil alltid vera meir usikkert enn eit normalt gjenlegg, det kan bli både suksess og fiasko. I prosjektet «Planmessig vedlikehaldssåing med våtsåingsmetoden» ved NIBIO Særheim fann ein for eksempel på enkelte felt ein avlingsauke på 150-200 kg tørrstoff (ts) per dekar, medan resultat frå andre felt i same serien viste ingen meiravling.
Vêrforholda er avgjerande
Både forsøk og erfaringar viser at forholda under og etter såinga er svært viktige, ofte er forholda viktigare enn utstyret som blir brukt. I utlandet er det mykje brukt med oversåing/breispreiing av frøet, til dømes med kunstgjødselspreiar. Dette er den billigaste og enklaste metoden, men også den mest usikre. For å sikre best resultat er det anbefalt å beite den gamle enga/beitet så langt ned som mogleg, gjerne bruke sand i blanding med frøet og passe på at frøet kjem i kontakt med overflata. Beiting/ trakking, helst med sau, har god effekt. Her i landet har breispreiing av kvitkløverfrø på beite på seinvinteren/ tidleg vår, blitt praktisert med hell. Også innblanding av frø i husdyrgjødselvogn før spreiing på beite tidleg om våren har vore vellukka. Men resultatet er svært avhengig av lite k
Gå til medietVêrforholda er avgjerande