AddToAny

EU har blitt strengare: Skreiv åtte sider om etikk - venta eit halvt år på pengane

EU har blitt strengare: Skreiv åtte sider om etikk - venta eit halvt år på pengane
Forskarar som søker pengar frå EU, møter ein meir omfattande etisk vurderingsprosess enn hos Forskingrsådet. - Først opplevde eg EU-krava som ei ulempe, men no er eg takksam også, seier forskar Aike Peter Rots.
Aktørar som løyver pengar til forsking, tek ulike grader av ansvar for å sikre at prosjekta dei finansierer er forsvarlege.

- Krava om tydeleg vektlegging av etikk og integritet er mykje større for EU-søknader. Vi treng ein diskusjon om dette i Noreg, seier Vidar Enebakk, sekretariatsleiar for Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora (NESH).

Frå og med i år har Forskingrsådet endra krava til etisk refleksjon i prosjektsøknader (sjå føregåande sak). Resultatet er likevel langt unna krava i søknadsprosessane til Horizon 2020, EU sitt noverande rammeprogram for finansiering av forsking, teknologisk utvikling og innovasjon.

Ein av dei store skilnadene er at EU bruker eigne etikkpanel til å vurdere forskarane sin gjennomgang av etiske problemstillingar. I enkelte tilfelle blir etikkekspertar kopla direkte inn som rådgjevarar i prosjekta, med uavhengig rapportering til EU.

- La ein dempar på gleda

Aike Peter Rots er førsteamanuensis ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo (UiO). Sommaren 2018 fekk han eit såkalla «Starting Grant» frå det europeiske forskingsrådet ERC. Det er ein type tildeling meint for forskarar på eit tidleg punkt i karrieren.

- Eg hadde ikkje heilt venta meg den ekstra belastninga med gjennomgangen av dei etiske aspekta etterpå. I første omgang la det ein dempar på gleda over å få tildelt nærmare 15 millionar i forskingsmidlar, fortel Rots.

I kjølvatnet av at ERC sine fagpanel har innvilga ein søknad, startar nemleg prosessen med ein uavhengig «ethics review» for prosjekt som har minst éi etisk problemstilling. Føresetnaden for å få utbetalt pengane er at prosjektet kjem seg heilskinna gjennom denne vurderinga.

Prosessen kan ha fleire trinn og vere meir eller mindre omfattande avhengig av omfanget og kompleksiteten til dei etiske utfordringane.

- I den opphavlege søknaden skreiv eg rundt to sider om dei viktigaste etiske utfordringane ved prosjektet, og eg tenkte det var ganske detaljert. Det var ikkje nok. Det som var forventa var mykje meir detaljert, fortel Rots.

Måtte tenke på detaljane

I september fekk han ein rapport frå ERC sine etikkekspertar, med ei rekke spørsmål han måtte svare på.

Prosjektet som Rots leier, tek for seg forholdet mellom menneske og sjøpattedyr i maritime område i Aust-Asia. Det konsentrerer seg om folkelege religiøse ritual og tru. Ein viktig del av metodikken er etnografiske feltstudiar.

Les mer

Flere saker fra Magasinet Forskningsetikk

Professor David Southall avslørte at 33 barn ble utsatt for livstruende vold av sine foreldre. Den kontroversielle bruken av skjult kamera gjorde ham til den mest omstridte barnelegen i Storbritannia.
Noen mener ny teknologi kan bli vår redning. Andre ser for seg menneskehetens undergang. Vi bør se oss tilbake mens vi går framover.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt