Norsk Skogbruk
28.06.2024
Johan Sebastian Welhaven skildra i 1842 eit bilete av Strilelandet (områda kring Bergen) som et grått og fattigslig landskap. - «Det er et armt land. Fjeldene er nakne og grå. Bare sjeldent ses en grøn busk». I dag blir det hausta skogsvirke og skapt verdiar for milliardar av kroner nettopp i dette området. Korleis kunne det skje?
Jo Gjerstad, forlagsredaktør ved Bodoni Forlag i Bergen, har nyleg skrive boka «Skape, verne og forvalte» eller historia til Bergens Skog- og Træplantningsselskap. Gjerstad refererar til Johan Sebastian Welhaven som omtala Strilelandet (områda kring Bergen by) som grått og fattigsleg, nakne fjell, torvmyr og lyngsletter der ein knapt kunne sjå ein grøn busk.
Gjerstad skriv grundig og godt om korleis kystområda i Hordaland og på Vestlandet vart avskoga utover 1800-talet. For det var nettopp i denne tida at modernisering, industrialisering og folkevekst tok skikkeleg av. Han viser også til forstassistent Hans Andreas Tandberg Gløersen som etter ei reise på Vestlandet skriv om eit samanhengande avskoga belte langs heile kysten. - I utmarken fantes trær bare i de bratteste og mest utilgjengelige partier, der sauer ikke nådde opp ved sin beiting».
Denne avskoginga vart den gongen oppfatta som menneskeskapt, og var eit resultat av stor eksport av tømmer på 1700talet og utover 1800-talet. Jo Gjerstad skriv at «mangelen på trær ble beskrevet som stygt og hæslig».
Dette er bakgrunnen for at det nettopp i Bergen og omegn voks fram ei interesse for å plante tre. Det resulterte i første omgang i etableringa av Bergens Skog- og Træplantningsselskap i 1868. Selskapet vart stifta av «byens fremste menn» og den første leiaren var Hans Thomas Meinich,
Gå til medietGjerstad skriv grundig og godt om korleis kystområda i Hordaland og på Vestlandet vart avskoga utover 1800-talet. For det var nettopp i denne tida at modernisering, industrialisering og folkevekst tok skikkeleg av. Han viser også til forstassistent Hans Andreas Tandberg Gløersen som etter ei reise på Vestlandet skriv om eit samanhengande avskoga belte langs heile kysten. - I utmarken fantes trær bare i de bratteste og mest utilgjengelige partier, der sauer ikke nådde opp ved sin beiting».