Fjell og Vidde
10.09.2021
Slitne turgåarar er eit takknemleg publikum å mette. Dei betjente DNT-hyttene tar likevel matserveringa på alvor.
Kanskje du er på veg over Høgronden til DNT-hytta Bjørnhollia. Over stein, stein og atter stein, opp i tåka og ned i den frodige dalen. Over den blågrøne elva. Og så litt oppover igjen. Og bortover. Er ikkje hytta her snart no? Endå litt bortover. Der er flagget! Sauene brekar og lune tømmerveggar tek imot deg. Eller kanskje du går gjennom trekanten i Trollheimen, frå Hellevassbu til Litlos på Hardangervidda, gjennom Utladalen til Skogadalsbøen i Jotunheimen, eller den lange vegen opp Aurlandsdalen til der vi er no; Aurlandsdalen Turisthytte. Kanskje du tar ein liten blund, før du vaknar til annonseringa av at dagens middag er klar.
Forrett, hovudrett og dessert, akkompagnert av lokalhistorie og tryggleiksrutiner.
Finst det noko betre?
TA DET NED
- Du har gått langt, du er sliten, du sit midt i fjellet. Mat smakar jævlig godt, seier kokk Halvar Ellingsen, før han legg til:
- Du treng ikkje gjere så mykje med råvarene. Du må ta det ned.
Du har gjerne sett han og garden Kvitnes i Vesterålen i NRK-serien Kokkeliv. Ellingsen si eiga kokkereise har vore innom restaurantar som Bagatelle og Palace Grill i Oslo. Milevis frå ei betjent DNT-hytte, på så mange måtar. Det er likevel her han er no, på Aurlandsdalen Turisthytte, med kje frå ein lokal bonde på grillen.
Besøket er ein del av ei større satsing på mat i heile DNT, der berekraftig mat og natur- og matopplevingar står i fokus. Norges Bondelag er samarbeidspartner i prosjektet, og Halvar blei kopla på, då han er offisiell Bondelagskokk 2019-2021. For sjølv om Halvar har jobba på fancy restaurantar med fancy rettar, er han tilhengar av jordnær mat.
- Lokalt og sesong, seier mesterkokken. - Du skal forstå kor du er på maten du et. - Vi bakte heil fjellaure med hovud i går, mange syns nok det er litt spesielt, iall
Gå til medietForrett, hovudrett og dessert, akkompagnert av lokalhistorie og tryggleiksrutiner.