Norsk Landbruk
22.09.2016
Fôrbrettet i fjøsen på Pestua er av den meir eksklusive sorten. Vedlikehaldsfritt, lett å halde reint og av den ekstremt hardføre sorten.
Akrylgolv er kanskje mest vanleg i industrihallar og storkjøkken. Lang erfaring med akrylgolv i fôrsentralen i gammalfjøsen gjorde at mjølkeprodusentane i Todalen valde å leggje akryl på golvet i mjølkerommet og tilhøyrande rom. Og ikkje minst: Dei valde å leggje akryl på fôrbrettet.
Etter 20 år er akrylgolvet i gammalfjøsen like fint, sjølv om det har blitt utsett for traktorhjul både med og utan kjettingar.


































































































