Fjell og Vidde
22.03.2021
Då støyen frå verda stilna under pandemien, retta eg blikket ut vindauget. På fuglar, stadig nye fuglar. Sol i april. Snø i mai. Dropar i vatnet. Kvar time, kvar dag skjedde noko nytt. Alt dette som elles berre suser forbi, ubemerka, gjekk no i sakte film. Rett utanfor vindauget mitt. Det skjer kvart år. Vinter blir til vår.