BUSKAP
15.10.2018
Det er eit kaldt drag i lufta. Fuglane samlar seg på strengane og øser kvarandre opp, fordi dei skal til syden. Eg har ikkje lyst til syden, for sol og varme fekk vi nok av i sommaren som gjekk.
For folk flest så var dette heilt fantastisk, men vi bønder er kanskje ikkje heilt som folk flest.
Den varmaste sommaren
Ein sommar er over. Den varmaste og tørraste sommaren i manns minne. Ikkje alle vart like hardt råka av tørken, men for svært mange, så må sola etter kvart ha kjentest som ein forbannelse. Det å sjå jorda tørke inn og graset forsvinne både på bø og beite, og det å vite at no har eg ikkje nok mat til dyra mine, må vere ei ufatteleg påkjenning både psykisk og økonomisk.
Kva er det med dette bondeyrket som gjer at vi utset oss sjølve og familiane våre for slikt press og slike utfordringar? Er vi flinkare til å gløyme, er vi sterkare, er vi tøffare, er vi meir intelligente eller er vi rett og slett litt dummare som velger å leve slike liv der regnet, sola, flommen, tørken, vinden og temperaturen pregar dagane våre i så stor grad? Alle prognoser seier at det ekstreme vert det vanlege. Berre tida vil vise det.
Nok grovfôr
På min eigen gard, så gjekk det greit, og reknestykket viser at vi har nok grovfôr denne vinteren. Tenk å vere så forbaska heldig!
Den nyaste enga verka til å tole tørken best. Kom de
Gå til medietDen varmaste sommaren