AddToAny

Ein kulturberar med ekte arb eidsglede

Ein kulturberar med ekte arb eidsglede
I den veglause grenda Sylvarnes i Vik i Sogn, ligg eit prakteksemplar av ein velstelt og bratt vestlandsgard der ressursane vert tekne godt vare på, og der gamle arbeidsmetodar framleis er i bruk. Magne Sylvarnes som eig og driv garden fekk Kulturlandskapsprisen 2016 for Sogn og Fjordane som eit synleg bevis for dette solide og viktige arbeidet han utfører.
Den vesle veglause grenda Sylvarnes ligg på sørsida av Sognefjorden omkransa av fjorden og med dei mektige fjella i bakkant som dannar inngangsport til dei kjende turområda i Stølsheimen. Sylvarnes med sine fire innbyggjarar har båtsamband med omverda tre gonger i veka. Denne båten er dei heilt avhengige av, og all transport av varer til og frå Sylvarnes går via fjorden. - For meg er det heilt normalt å ha det slik, smiler Magne. Han fraktar mjølka i ein eigen transporttank ned til båten kvar tredje dag, og tankbilen kjem på kaien i Vik og fraktar den til meieriet i tettstaden Vikøyri. Meieriet ligg berre eit steinkast frå kaien der mjølka går til produksjon av gammalost. Ved levering av dyr har han eigne transportkassar som vert heist om bord i båten. - Eg fylgjer alltid dyra på båten til Vik der dei vert henta på kaien for den siste etappen på veg til slakteriet eller til andre produsentar ved livdyrsal, seier den omtenksame bonden.

Vidareforedlar mjølk
Tine kan ikkje ta imot mjølk som vert lagra meir enn tre dagar på gardstank, og ved høgtider som til dømes jul, påske og pinse, går ikkje båten på heilagdagar. Då får ikkje Magne levert mjølka si. - Me skal stella fint med mat, og det er mykje godt ein kan laga av mjølk viss ein har kunnskap om det, seier den flinke og driftige bonden. Han lagar mellom anna smør, yoghurt, prim, ulike typar ost og mylse (tradisjonsmat i Sogn og Sunnfjord) av mjølka som han ikkje får levert. Fram til 1992 leverte dei heimekinna smør til Tine, men etter den tid vart det ikkje lov for Tine å selja ut att smør som var laga ute på gardane. Magne måtte då gå over til å levera mjølk i staden.

«Stølssmøret» er gulare og betre
Magne har haustkalving på kyrne sine, men det hender at enkelte kyr kalvar seint på hausten og er i god mjølkeproduksjon utover våren og sommaren. Desse dyra mjølkar Magne på stølen, og her separerer han mjølka og lagar r
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

I kommunane Sogndal og Luster har me nokre produsentar som kastrerer oksekalvane sine, og ved å ta dette grepet, kan dei tømma fjøsen om sommaren og sleppa kastratane på utmarksbeite saman med resten av flokken.
BUSKAP 05.04.2024
Det blir arrangert Teams-møte med opplæring for nye Geno-kontakter torsdag 11. april kl. 10.00-11.00. De nye Geno-kontaktene får en egen innkalling til det digitale møtet.
BUSKAP 05.04.2024
De neste generasjonene av norske bønder blir svært viktige når landbruket skal omstilles. Innovasjon Norge har en stor verktøykasse tilgjengelig. På geno.
BUSKAP 05.04.2024
Duskete haler er kjekke å ha til å vifte vekk fluer med, men av hygieniske årsaker bør duskene klippes av når dyra tas inn på høsten.
BUSKAP 05.04.2024
En undersøkelse ved Virginia Tech i USA konkluderte med at 14,4 prosent av drektige kyr viste utslag på aktivitetsmålet som kan mistolkes som omløp.
BUSKAP 05.04.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt