Fagbladet
18.04.2016
Flora kommune tek sjølv hand om asylsøkjarane og flyktningane. Då går også overskotet tilbake til kommunekassa. For overskot blir det sjølv om flyktningane får tilbod om meir skule enn lova krev.
Nesten tretten prosent av dei 12.000 innbyggjarane i Flora er innvandrarar. Dei fleste er arbeidsinnvandrarar, men over 40 prosent har flyktningbakgrunn. Sidan 1987 har kommunen teke imot og busett nesten 1400 flyktningar.
Det kommunale føretaket Innvandrarsenteret i Florø er delt inn i tre einingar: asylmottak med 190 plassar, integreringsavdeling og vaksenopplæring.
Treng fleire floraværingar - Me ynskjer at flyktningane skal trivast, klare seg sjølve og verte ein del av våre varige innbyggjarar, seier Arild Melvær, dagleg leiar av Innvandrarsenteret.
Nesten halvparten av flyktningane vert buande i kommunen, eit tal Melvær meiner er ganske bra for ein distriktskommune.
Når ein asylsøkjar får opphaldsløyve, blir han busett anten i Flora eller i ein annan kommune. I fjor vart 56 flyktningar busette i Flora etter avtale med staten. I tillegg fekk fem opphaldsløyve gjennom familiegjenforeining.
Arild Melvær reknar med at talet vil vere omtrent like stort i 2016. 17 av flyktningane som kjem i år, kan vere mindreårige, einslege asylsøkjarar.
Store pengar Alle statlege midlar som følgjer asylsøkjarane og flyktningane, går gjennom Innvandrarsenteret. Omsetnaden er på
Gå til medietDet kommunale føretaket Innvandrarsenteret i Florø er delt inn i tre einingar: asylmottak med 190 plassar, integreringsavdeling og vaksenopplæring.