For jazz/pop/rock/impro-studentane ved Norges Musikkhøgskole skjer det på Victoria Nasjonal Jazzscene i Oslo, i Trondheim på Dokkhuset, og for dei rytmiske studentane i Tromsø føregår dette på utestaden Driv, for berre å nemne nokre.
Desse eksamensfestivalane etter endt JIG-utdanning har eit karakteristisk trekk til felles. For ein utanforståande er det ikkje lett å sjå kven som har eksamen til ei kvar tid, der studentane veksler mellom å springe opp og ned av scenen som medmusikantar i kvarandre sine band, eller sitte i salen som deltakarar i det som opplevast som svært lydkraftige, applauderande støttegrupper. Det er heilt spesielle fellesskap som trer fram.
«Dette er ikkje ein eksamen» seier Erling Aksdal, leiar ved jazzlinja i Trondheim, som introduksjon til konserten til dottera mi på Dokkhuset. «Her er det ingen som får karakter eller som stryk. Dette er ein fest og ei feiring! Sånn må vi ha det for at dei musikarane de snart skal få høyre skal våge å sleppe seg laus og kome ut med sitt uttrykk.» Han har pugga navna til alle foreldra som sitt i salen, med mobilkamera sine klare og blomsterbuketten i fanget: «No er mamm