Norsk Landbruk
07.09.2017
For tida blir det jobba på spreng på Nordhus gard på Rennesøy. Eit 68 meter langt bygg er i ferd med å reise seg.
Det skal huse om lag 240 dyr, både mjølkekyr og ammekyr, og skal helst vere innflyttingsklart før adventstida tar til.
Gå til mediet- Eg har søkt Mattilsynet om dispensasjon til å ha dyra ute til og med november, og reknar med at det skal gå greitt, fortel Morten Ullenes.
Ryfylkingen kan trygt seiast å vere eit eksempel på den moderne kombinasjonsbonden. 49-åringen har ein mjølkekvote på 350 tonn, byggjer for 60 ammekumordyr og fôrar opp oksar, har 500 vinterfôra sauer og driv med kylling opp til konsesjonsgrensa.
I fjor haust var Ullenes ein av bøndene som var på tur i Irland for å hente inspirasjon til billegare måtar å byggje ammekufjøs på. Fjøset han byggjer, er ikkje ein del av det prosjektet, sjølv om det blir eit ka


































































































