AddToAny

Diktskriving – ein nøkkel til livsmeistring på engelsk

Folkehelse og livsmeistring vart innført i læreplanen som eit tverrfagleg tema grunna fleire rapportar om aukande psykiske vanskar blant ungdom (Bakken, 2022).
Skulen har med dette fått ei ekstra presisering av sitt ansvar for å støtte opp om elevane si psykososiale utvikling, blant anna gjennom å legge til rette for at elevane skal forstå eigne og andre sine tankeprosessar (Kunnskapsdepartementet, 2017). I kommunikasjonsfaget engelsk har dette temaet ei naturleg tilhøyrsle gjennom at elevane skal få høve til å uttrykke seg sjølv og forstå korleis menneske samhandlar i ulike samanhengar (Utdanningsdirektoratet, 2019). Likevel kan det vere vanskeleg for lærarar å vite korleis ein skal arbeide med livsmeistring reint praktisk, på ein måte der ein ikkje stig utover si rolle og sine evner som lærar (Lauritzen, Antonsen & Nesby, 2021).
Denne artikkelen er basert på masteroppgåva Fostering pupils’ “health and life skills” through poetry writing, der eg utforska konkrete metodar lærarar kan bruke for å arbeide med livsmeistring 61 i engelskfaget ved å skrive dikt. Gjennom intervju, spørjeundersøking og ikkje minst diktskriving, fekk elevane uttrykke korleis dei opplevde å skrive dikt, og på kva måte desse opplevingane spegla målsettingar for temaet «folkehelse og livsmeistring».
I etterkant av prosjektet fortalde mange elevar at skrivinga hadde vore positiv og tankevekkande. Dei mange skrivestartarane som vart nytta, som å skildre viktige minne, opna opp for nye perspektiv på eigne og andre sine tankar. Til dømes uttrykte ein elev som hadde skrive om sorg, det slik:
Dette fekk meg til å tenke på alle dei gode minnene vi hadde saman, heller enn at ho ikkje er her lenger. Eg oppdaga også at eg hadde unngått å tenke på det som hende i lang tid […].
Eit anna funn var at elevane syntest det var naturleg og mindre «kleint» å skrive om kjensler på engelsk, og at avstanden eit framandspråk byr på, gav rom for ekstra refleksjon rundt tankar og kjensler. (Paulen, 2025).
Ein plan i sju steg for praksis i klasserommet Det fylgjande er tips til korleis ein med enkle steg kan engasjere elevar til å skrive tekstar som kan bidra til å både rydde i tankar og knyte band med andre. Det didaktiske rammeverket er basert på teoriar frå fagfeltet «Poetry Therapy», der skriving vert brukt for å få auge på eigne tankar frå nye vinklar, reflektere over dei og dele dei med andre (Mazza, 2022). Meir konkret har Hanauer (2012) sin skrivedidaktikk for elevar med engelsk som andrespråk (EAL) vore ein sentral byggestein for utforminga av dette skriveprosjektet. I tillegg er det brukt skrivestartarar, skriverammer, og tankar om lærarrolla frå Koch (1970), Tysdal (2015) og Williams (2011), i tillegg til sanseoppgåver skapt av vår eigen Gro Dahle (2016).
1. Bli kjent med sjangeren
For å skrive dikt må ein kjenne til sjangeren frå f
Gå til mediet

Flere saker fra Bedre Skole

De siste årene har politikere i flere deler av landet tatt initiativ til anonym vurdering i skolen, motivert av et ønske om likere og mer rettferdig vurderingspraksis innad og på tvers av skoler.
Bedre Skole 29.05.2026
Selv om mange elever fortsatt har gode erfaringer med skolen, viser de siste Ungdata-undersøkelsene at et økende antall elever opplever skolen som en vanskelig livsarena.
Bedre Skole 29.05.2026
Anne Kristine Øgreid og Kristin Torjesen Marti Argumentasjon i skolen Hva, hvordan og hvorfor Universitetsforlaget 178 sider lektor Argumentasjon kan
Bedre Skole 29.05.2026
FORGRUNN ›››
Bedre Skole 29.05.2026
Ålære å skrive på et fremmedspråk kan være en krevende oppgave. Elevene må bruke mange ulike ferdigheter – fra det rent mekaniske til det kognitive (Brown & Lee, 2015).
Bedre Skole 29.05.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt