AddToAny

Det rareste Ruth Einervoll Nilsen har gjort på jobb: partert ein lammeskrott på lufta på NRK P1 og lodda ut kroppsdelar til lyttarane

Det rareste Ruth Einervoll Nilsen har gjort på jobb: partert ein lammeskrott på lufta på NRK P1 og lodda ut kroppsdelar til lyttarane
Saka «Vil freiste turistar med sex ved Trollpikken» er ikkje hennar stoltaste arbeid.
I spalta Morgenrutinen stiller Journalisten de samme spørsmålene på e-post til en rekke personer som er tett på mediebransjen.

Ruth Einervoll Nilsen er journalist i Vårt Land.

Her kan du lese flereMorgenrutinen.

- Kaffi eller te?

- Kaffi!

- Kva har du på nattbordet?

- Eit halvløyst kryssord, Åste Dokk a si nye bok «Leve vanskeligere» og handkrem til koronahendene.

- Når om morgonen startar hovudet å tenke jobb, og kva medium må du innom?

- Når alarmen ringer 07.00, og eg set på Nyhetsmorgen. Les Vårt Land, og kikker helst innom konkurrentar og utanlandske «syskenaviser». Og Instagram.

- Kva overskrift skulle du ønske du såg på trykk i dag?

- «Ny, obligatorisk vaksine tar knekken på hat og fiendskap»

- Kva er ditt beste tips for å finne gode saker?

- Å henge på internett. Ver floge på veggen i grupper, følg spørsmålsforum, sjekke kommentarfelt eller godta venneførespurnadar frå folk som meiner ting.

- Kva er den tynnaste saka du nokon gong har laga, og kvifor blei den likevel publisert?

- Fordelen og ulempen med direkteradio er at ting kan gå rett ut, av og til utan oppsyn. Eg har fylt skammeleg mykje sendetid med førehandsrapportar om uvêr som aldri har slått til.

- Saka «Vil freiste turistar med sex ved Trollpikken», ei vondvillig tolking av ein Visit Norway-kampanje, er heller ikkje mitt stoltaste arbeid frå NRK.

- Om du kunne velje kven som helst, kven har du mest lyst til å intervjue ansikt til ansikt, og kvifor?

- Pave Frans! Han virkar som eit genuint godt menneske, som sjølv i hans maktposisjon sikkert hadde vore varm og imøtekommande. Synest spenninga mellom å tilhøyre ein sterkt konservativ tradisjon, og samtidig ha dei meiningane han har, hadde vore spennande å grave meir i. Og så lurer eg på om han genuint føler seg utvalt av Gud, og korleis «kontakten» deira føregår.

- Kva er din viktigaste eigeskap som journalist, og korleis brukar du den?

- At eg er åpen når eg møter folk. Eg prøver oppriktig å forstå kva som er utgangspunktet deira, og kvifor dei tenker eller handlar slik dei gjer. Kombinert med ein god dose skepsis, funkar det bra, trur eg.

- Kva er det gøyaste eller raraste du har opplevd i jobben?

- Det raraste var nok då me hadde ein heil lammeskrott i ei sending i NRK P1 Rogaland, parterte han på lufta og lodda ut kroppsdelar til lyttarane.

- Noko av det gøyaste skjer i desse dagar: Å lage podkast om dei religiøse veljarane i USA, saman med kommentator Une Bratberg.

- Kva journalistisk arbeid inspirerte deg sist, og kvifor?

- Blir stadig imponert over korleis «Innafor» på NRK klarer å sette dagsorden, og lage god journalistikk som følest relevant og viktig for unge folk.

- Kva er den største utfordringa akkurat no, for mediebransjen generelt og der du jobbar?

- Det mest alvorlege trur eg handlar om fragmenteringa og polariseringa av den offentlege samtalen. Eg kan bli ganske nedstemt av tanken på kor lett det har blitt å velje den røynda som passar ein sjølv best, og at fakta har mista truverd. Og så er det jo denne finansieringa, då...

- Kva kan journalistar og mediehus gjere for å betre tilliten til dei redaksjonelle media?

- Me kan starte med å sitere folk på det dei faktisk meiner, ikkje det som passar saka vår. Det provoserer meg når journalistar vrir på det folk seier, meir eller mindre med vilje, når dei eigentleg forstår kva kjelda faktisk står for. Sånt forplantar seg, og svekker truverdet.

- Kva radiosending/podkast gjorde sist inntrykk på deg?

- Podkasten «Rabbit Hole» frå New York Times lærte meg enormt mykje, og har fått meg til å og reflektere over sider ved internett på nye måtar. I tillegg blir eg sterkt påvirka av Aftenpodden kvar veke.

- Når loggar du av for kvelden?

- Der er eg (ganske) beinhard. Legger frå meg mobilen ein halvtime før lyset går av, og ser som regel ikkje på mobilen etter 22.30.

Image-text:

Vårt Land-journalist Ruth Einervoll Nilsen anbefaler podkasten «Rabbit Hole» frå the New York Times - Den har fått meg til å og reflektere over sider ved internett på nye måtar, seiar ho.

Foto: Stavanger symfoniorkester

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt