Bok og bibliotek
30.11.2017
I ei noko bisarr scene frå første sesong i tv-serien Girls oppsøker hovudpersonen Hannah Horvath foreldra sine på eit hotell i New York for å be dei
... om å halda fram å støtta henne økonomisk slik at ho kan få realisert skrivedraumen. Om ikkje anna så i alle fall nok til å dekka ein månads husleige. I scena seier Lena Dunhams karakter «I think I may be the voice of my generation». Då foreldra ikkje ser ut til å la seg imponere over dette modererer ho det til «or at least a voice of a generation», ei generell og ganske komisk utsegn.
Olaug Nilssen er «the voice of my generation». Det er ingen forfattarar som har følgt meg i alle mine livsfasar som henne, frå tidleg 20-års alder til snart 40. Det har vore givande å vera med på ferda. Nilssen har alltid fanga noko eg kan relatera til og ho har aldri keia meg. Før skreiv ho om desperate karakterar på leit etter noko inderleg. Så blei det stille. Lenge. Det er 12 år sidan siste roman frå Nilssens hand, men teaterstykket Stort og stygt frå 2013 gav tydelege hint om at forfattarskapen hadde teke ei vending.
Eg tenkjer på eit bilde eg såg for ein del år tilbake. Olaug Nilssen framfor Stortinget. Det var eit o
Gå til medietOlaug Nilssen er «the voice of my generation». Det er ingen forfattarar som har følgt meg i alle mine livsfasar som henne, frå tidleg 20-års alder til snart 40. Det har vore givande å vera med på ferda. Nilssen har alltid fanga noko eg kan relatera til og ho har aldri keia meg. Før skreiv ho om desperate karakterar på leit etter noko inderleg. Så blei det stille. Lenge. Det er 12 år sidan siste roman frå Nilssens hand, men teaterstykket Stort og stygt frå 2013 gav tydelege hint om at forfattarskapen hadde teke ei vending.
Eg tenkjer på eit bilde eg såg for ein del år tilbake. Olaug Nilssen framfor Stortinget. Det var eit o


































































































