Bioingeniøren
10.04.2026
Då prosjektet Addition-MCI trong plasma frå unge donorar under 25 år, for å gje til eldre med begynnande demens, melde Sebastian Natvik (22) seg som donor.
Det verka som ein veldig enkel måte å bidra på. Det er jo ei skremmande tanke at det er så mange som får demens no, seier Natvik.
Tidlegare var han vanleg blodgivar, men dei to siste åra har han berre gitt plasma. Først til pilotstudien, og då den vart avslutta, fortsette han å donere plasma til Blodbanken i Oslo.
Og han er ikkje aleine. Dei aller fleste av dei rundt hundre donorane som vart rekruttert til forskingsprosjektet har fortsett å gi plasma.
Indirekte bytte av interstitiellvæske I det nyleg gjennomførte pilotprosjektet har eldre med begynnande demenssjukdom fått tappa ut mykje av sitt eige plasma og erstatta det med «ungt» plasma frå donorar som Natvik.
Forskar Petter Holland ved Oslo universitetssykehus fortel at det opphavlege
målet var å bytte ut interstitiellvæska, som ligg mellom cellene og utgjer miljøet
Gå til medietTidlegare var han vanleg blodgivar, men dei to siste åra har han berre gitt plasma. Først til pilotstudien, og då den vart avslutta, fortsette han å donere plasma til Blodbanken i Oslo.