Demens & Alderspsykiatri
12.09.2017
Delirium (akutt forvirring) er ein særs vanleg komplikasjon til somatisk sjukdom. Delirium er kjenneteikna av eit akutt oppstått problem med merksemd og endring i kognitiv funksjon.
Hallusinasjonar og vrangforestillingar er van-lege, til dømes er det ikkje sjeldan at deliriøse pasientar på eit sjukehus trur dei er innesperra i eit fengsel og at kvitkledde helsearbeidarar er fangevoktarar (eller spøkelse) som er ute etter å skade dei. At deliriøse pasientar stritter i mot i samband med blodprøvetaking eller andre prosedyrer er difor ganske naturleg. Delirium oppstår som eit samvirke mellom predisponerande faktorar (sårbarhet) og utløys-ande hendingar. Jo meir skrøpelig ein pasient er, desto større risiko er det for å utvikle delirium. Demens er ein spesielt sterk risikofaktor for delirium. Hjå pasientar som er sårbare skal det lite til å utløyse eit delirium. Ein situasjon som i utgangspunktet ikkje er så alvorleg (urinveis-infeksjon, urinretensjon, obstipasjon) kan væra nok. Hjå pasientar som er meir robuste skal det meir til å utvikle d
Gå til mediet