Bok og bibliotek
05.09.2019
Underteikna er engasjert som advokat for Døden. Klienten min har minimal ytringsfridom, slik maktforholda Han lever under, nå eingong er.
Eg kan derfor berre referere kva Han har på hjertet, i ei diskret fråsegn eg her tar sjansen på å vidareformidle. Han er sjølvsagt lei seg for at Han ikkje kan tale direkte til alt folket over riksnettet, men forsikrar at ingen av oss er gløymt. Han seier:
«Eg har i mange år er blitt baksnakka, nedvurdert, trakka på og trakassert så kraftig at eg ikkje lenger kan la vere å ta til motmæle, om enn berre via advokat. Eg har merka meg at Djevelen, den kødden, i alle år har hatt tilgang til dei beste advokatar på marknaden, mens eg må nøye meg med ufaglært hjelp.
Det som etter all sjikane opp gjennom tidene fekk begeret til å renne over, var Bernhard Ellefsens bok frå 2018, Imot døden Et essay. Eg tenkte: Nå får det vere slutt! Den er ein einaste lang klagesong og handlar om verksemda mi, spytta på og utlagt på den mest hjertelaust einsidige måten. Kven trur denne Ellefsen at han er? Han presterer å hevde at «Døden e
Gå til mediet«Eg har i mange år er blitt baksnakka, nedvurdert, trakka på og trakassert så kraftig at eg ikkje lenger kan la vere å ta til motmæle, om enn berre via advokat. Eg har merka meg at Djevelen, den kødden, i alle år har hatt tilgang til dei beste advokatar på marknaden, mens eg må nøye meg med ufaglært hjelp.