BUSKAP
18.09.2017
Det gjeld å ta tak i uønska hendingar og gjera eit systematisk arbeid slik at feila ikkje kjem igjen.
Eit langt liv som bonde har gitt meg mange hendingar som ikkje var ønskjeleg. Nokre gonger reparerte eg feilen og arbeidet gjekk vidare. Andre gonger fekk eg fjerna årsaka til at feilen oppstod og feilen var borte for alltid. Det er særleg ergerleg når same feil kjem igjen fleire gonger. For eg burde jo ha visst..., og teke lærdom av tidlegare feil.
Gjødselslange skada under transport
Eit eksempel frå ei opplevd hending der gjødselslange vart skada under transport. Dette var ergerleg for det same hadde skjedd meg sjølv, og no var det arbeidshjelpa mi som var ute for same uhellet.
Kvifor skjedde det at vakumslange til gjødselpumpa var skada under transport?
Fordi slange kom bort i hjul på transportvogn.
Kvifor kom slange bort i hjulet under transport?
Fordi slange låg i bue.
Gå til medietGjødselslange skada under transport