Ren Mat
22.09.2017
Tre veker kvar sommar gir elevane frå Sogn Jord- og Hagebruksskule nytt liv til den fråflytta garden Sinjarheim i Aurlandsdalen. Saman med lærar Even Hov handmjølker dei geitene og fyller tunet med eimen av brimost, den tradisjonelle brunosten kokt frå rein geitemjølk.
KOMA DAO! Even si stemme og 40 forventningsfulle geiter kjem ramlande inn grinda. Dei finn seg litt kraftfôr og spreier seg rundt tunet. Nokre på taket, nokre på graset, ein på trappa og tre framfor Even. Elevane, me er fem stykk, grip tak i mjølkespannet og leitar etter ei geit med lite nok jur og store nok spenar. Me er ikkje vande med mjølking, og kjenner framleis på krampa frå i går. Dei fyrste dagane er me to på kvar geit, må veksle mellom å halde ho roleg og mjølke. Me skuler bort på Even sitt spann. Han har gjort dette heile livet, stråla er hard og treff eit skumlag før den blandar seg med resten av mjølka. Me elevane mjølkar kanskje 15 geiter, Even tek resten. Men så går det nokre dagar, ein får eit snev av skum i eige spann og sprekk av stoltheit.
ME GJER OSS ferdige og hentar dei tunge spanna frå kvelden før. Even fyrer eit lite, konsentrert bål med små kubbar.
Gå til medietME GJER OSS ferdige og hentar dei tunge spanna frå kvelden før. Even fyrer eit lite, konsentrert bål med små kubbar.


































































































