AddToAny

Bokhistorie i tusen bitar

Bokhistorie i tusen bitar
Bitar av handskrivne mellomalderbøker vart seinare brukte til innbinding av rekneskap. No prøver forskarane å pusle dei saman.
Sjå her, korleis boka er forsterka med påsydde bitar av pergament.

Tor Weidling viser fram ei rekneskapsbok frå 1624-25. Dei små lappane som er festa til bokryggen, er tydeleg klipte ut av ei handskriven latinsk bok. - Dette er utklipp frå den latinske bibelen, som er brukt til å binde inn lensrekneskap på 1600-talet, fortel Weidling. Han er førstearkivar i Riksarkivet, og saman med forskingsbibliotekar Espen Karlsen ved Nasjonalbiblioteket har han i årevis studert den gamle fragmentsamlinga her i Riksarkivet. Samlinga inneheld mellom fem og seks tusen fragment - brottstykke av bøker frå mellomalderen handskrivne på pergament, det vil seie preparert skinn. Nokre fragment kan vere små lappar, medan andre er heile, lause boksider.



Gjenbruk av bøker

På 1500-talet vart handskrivne pergamentbøker tekne frå kvarandre og brukte som omslag og forsterking ved innbinding av bøker. Trykte bøker vart tekne i bruk, og etter reformasjonen mista dei katolske bøkene sin nytteverdi.

- Vi veit at den siste erkebiskopen Olav Engelbrektsson i 1537 nytta blad frå Bibelen til å binde inn rekneskapsbøker. Dei fleste handskrivne bøkene enda elles som innbindingsmateriale for lensrekneskapar i perioden 1540-1640, og dette er ein av grunnane til at så få bøker frå mellomalderen er bevarte, fortel Karlsen.

Fragmenta er difor ei hovudkjelde til norsk bokhistorie før reformasjonen, og Weidling og Karlsen vil finne ut kva for bøker som vart nytta, kva for rekneskap dei er brukte på, og kva måte dette vart gjort på.

I fleire år har dei identifisert pergamentbitane. - Vi ser om det finst fleire fragment frå same bok, og då kan vi finne ei rekkefølgje ut frå innhaldet. Slik kan vi rekonstruere ei bok så langt det let seg gjere. Berre ein
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt