Ole Palmstrøm
No skal Linn Herning sette offentleg velferd på agendaen foran Stortingsvalet 2017.
Ho står 155 cm over bakken og har ikkje noko problem med å fylle eit stort rom med eigen energi og engasjement når ho held foredrag.
Historikar Linn Herning har gjort seg bemerka med blant anna boka Velferdsprofitørene, der ho eksponerte korleis store oppkjøpsfond slusar pengar ut av Velferds-Norge.
Ho kan jobbe samanhengande frå morgon til sein kveld i dagesvis utan stopp, når ho blir engasjert:
- Det berre er slik, eg greier ikkje å la vere og er nok ubehjelpeleg engasjert og det skjer ganske lett. Urett engasjerer meg og det er nok å ta tak i, føler eg, fortel historikaren.
Når ho skal slappe av tek ho på seg kapteinlua og fresar over Oslofjorden med 90 hestekrefter i sin 20 fot lange veteran-cabincruiser. Ho finn ro når motoren er slått av og båten ligg stille midtfjords.
* Rosa Pavanelli: - Velferdsstaten er ikkje under press. Den er på bristepunktet
Redda av offentleg helse
Herning har dokumentert korleis offentlege pengar som skal gå til barnevern, eldreomsorg og barnehagar finn vegen til skatteparadis og konsern-eigarane sine lommer.
Ho har reist landet rundt og holdt foredrag og debattar, der ho og For Velferdsstaten advarar mot konsekvensane av å sleppe private krefter til i offentleg omsorg.
Boka tek også for seg forskjellane innan privat drift, mellom ideelle og kommersielle aktørar.