Bok og bibliotek
02.11.2017
Universitetsbiblioteket i Bergen har sidan 2010 vore involvert i utviklingsprosjekt i Moldova. Ane Landøy fortel korleis et norsk bibliotek kan arbeide for å knyte internasjonale band.
Prosjektet Modernization of academic library services in Moldova består i røynda av mange små og store einskilde prosjekt som søkjer å styrke utdanningssektoren gjennom målretta tiltak i dei akademiske biblioteka i landet. - I 2010 starta samarbeidet mellom UiB og Academy of Economic Sciences i Chisinau, Moldova (ASEM), med ei «bli-kjent-finansiering» frå UD. Vi har ein rumensk samarbeidspartnar gjennom mange år, professor Angela Repanovici, og ho sette oss i kontakt med Dr. Silvia Ghincolov som er bibliotekdirektør, seier Ane Landøy ved Universitetsbiblioteket i Bergen.
Ei av målsettingane er å skape ein arena for lokal samhandling. Å leggje til rette for ei digitalisering blei fort utpekt som viktig.
- Vi møtte eit bibliotek som var knallsterkt på dei tradisjonelle bibliotektenestene, som katalogisering og klassifikasjon, bibliografiar og referansespørsmål til trykte tidsskrift. Vi fann tonen, og søkte prosjektfinansiering for å hjelpe ASEM-biblioteket med tilpassing til digitale bibliotektenester, i tillegg til engelskkur
Gå til medietEi av målsettingane er å skape ein arena for lokal samhandling. Å leggje til rette for ei digitalisering blei fort utpekt som viktig.