Norsk Landbruk
11.05.2017
I time etter time studerte sauebonde Ole Sævareid sauene sin oppførsel rundt kraftfôrautomaten. Resultatet blei ein ny utgangsport.
At utgangsporten gjorde at mange sauer vegra seg for å gå ut av kraftfôrautomaten, var eit stort nok problem. Når det i tillegg stod sauer på utsida, med mål om å snike seg inn i kraftfôrautomaten den gale vegen, skapte det ofte kaos og dårleg dyreflyt gjennom automaten.
Då Ole og Sigrid Sævareid bestemte seg for å byggje på fjøsen for å få plass til fleire sauer, ønska dei seg kraftfôrautomat. Problemet var at 90 vinterfôra dyr var eit odde tal. Det var for lite med ein og for mykje med to kraftfôrautomatar i forhold til dyretalet.
- Me hadde ei smertegrense på 70-75 sauer, litt avhengig av sauerase, med den gamle porten, fortel Kjetil Olsen, som er seljar i Fjøssystemer.
TRAFIKKORK OG REDUSERT KAPASITETKraftfôrautomaten det er


































































































