AddToAny

Både jenter og gutar slåst mindre enn før

Både jenter og gutar slåst mindre enn før
Men jenter er ofte valdelege på andre måtar enn gutar. Det kjem fram i Lars Roar Frøyland og Tilmann von Soest si nye kartlegging av ungdomsvald i Noreg.
Mer om Barn og unge Mer om Vold Mer om Kjønnsroller Studien til Lars Roar Frøyland og Tilmann von Soest viser at jenter utøver mildare former for vald enn gutar. Slag og spark vart mest utført av gutar, medan jentene oftare klorte, reiv i håret eller fika til nokon i fjeset. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

- Vald blant ungdom er nesten halvert mellom 2007 og 2015, ifølgje den nye studien til Lars Roar Frøyland ved OsloMet og Tilmann von Soest ved Universitetet i Oslo. Både lugging, slag, spark og fik i andletet er drastisk redusert på berre åtte år, og det blant begge kjønn.

- Det finst fleire undersøkingar i Europa som viser at vald blant ungdom er gått ned. Men ingen har forklart kvifor. Vi ønskte å sjå på trenden på to ulike tidspunkt, og eventuelt forklare endringa som kom fram, fortel Frøyland.

Tradisjonell vald handlar ofte om slag og spark.

Den totale mengda fysisk vald gjekk ned frå 23 prosent i 2007 til 12 prosent i 2015 for begge kjønn. Valden er i studien kategorisert som lugging eller riving, kloring eller fik og slag eller spark. Som dei forventa, fann forskarane at jenter utfører mildare former for vald enn gutar. Slag og spark vart mest utført av gutar, medan jentene oftare klorte, reiv i håret eller fika til nokon i fjeset.

- Tradisjonell vald handlar ofte om slag og spark. Difor har vald blant jenter blitt litt usynleg i kartlegginga av ungdomsvald, som ofte tar for seg alvorleg vald. Vi mistenkte at det kunne skjule seg ein kjønna forskjell. Lugging og slåing med flat hand finn ein ikkje dersom studien berre tar for seg såkalla tradisjonell fysisk valdsbruk, seier forskaren.

Vald frå foreldre

I 2007 gjorde Frøyland og von Soest undersøkingar blant elevane på siste året i 67 vidaregåande skular. Årsaka til at forskarane valde elevar på akkurat dette alderstrinnet, var at dei ønskte ungdommar over 18 år.

- Eit av spørsmåla dreier seg om vald frå foreldre. Då ville vi rett og slett ikkje be elevane om å måtte få samtykke av foreldra til å kunne svare på eit slikt spørsmål.

Lars Roar Frøyland er stipendiat på Voldsprogrammet ved NOVA, OsloMet. Foto: OsloMet

Sidan 1960-åra har rapportert vald frå foreldre mot barn gått kraftig ned. Dette trur Frøyland kan påverke ungdommane sin eigen valdsbruk.

- Det å bli utsett for vald i familien har i tidlegare forsking blitt identifisert som ein risikofaktor fo

Les mer

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt