AddToAny

Auka kvote - ein innspirasjon i kvardagen

Auka kvote - ein innspirasjon i kvardagen
Auka kvote gjev nye utfordringar i eit eldre båsfjøs. Når målet i mange år var å ikkje gå for mykje over dei 75 000 literane ein hadde tildelt, så vart det rett og slett kjedeleg, og mykje gjekk nærast på gamal vane.
No har vi vore så heldige å få leige 85 000 liter i 10 år for 25øre/ liter. I tillegg så har vi kjøpt kvote, så no strekkjer vi oss etter å fylle heile 200 000 liter. Det er i seg sjølv inspirerande å utfordrande å sikte mot nye mål.



Auka kvote krev auka tiltak

Det er ikkje lenger snakk om tvangssining av kyr i juni. Nei, no skal laktasjonen nyttast i dei 10 månadane den kan. I fjor var den fyrste sommaren vi mjølka «heilt rundt» Det gav nye utfordringar å finne ut av fôringa til beitande mjølkekyr, men det gjekk seg til etterkvart. Mesteparten av kyrne var sina og ute på utmarksbeite som vanleg, men åtte var att heime som «prøvekaniner» for mitt sommarmjølkprosjekt. På dagtid gjekk dei og beita på 2.slåtten kring fjøset, men om natta låg dei inne og hadde tilbud på silo. Vi greidde ikkje å oppdra dei til å alltid gå på eigen bås, så kraftfôret i automaten på appetittforingsvogna vart sett til lik mengde på alle, så supplerte vi manuelt til dei som trengte det. Ikkje noko hokus pokus over dette, og mange gjer det heile sommaren, men for oss var det nytt. Eg var spent på om eg
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

Anders Kringli vokste opp på gården og tok over drifta i 2021. Han jobber fulltid som tannlege ved siden av gården. Foreldrene er pensjonister, men bor fortsatt på gården og hjelper til.
BUSKAP 02.04.2026
Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær i Tine randi.therese.garmo@tine.no Det er ikkje heilt svart-kvitt når det gjeld tilgjengelegheit hjå dyret på mineral og vitamin, sjå figur.
BUSKAP 02.04.2026
Fagsjef i Tine Rådgiving john.flottum@tine.no
BUSKAP 02.04.2026
Begge avlsforskere i Geno Vi har tatt ut statistikk som viser hvordan de genotypede dyrene fordeler seg per fylke i 2025 pr. 5. desember. Trøndelag på toppen
BUSKAP 02.04.2026
Statistikken fra Animalia pr. 26. november i år underbygger at det er mye å hente på å fôre fram krysningskalver sammenlignet med ren NRF.
BUSKAP 02.04.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt