Dypvik har brei redaksjonell erfaring frå mellom anna Dagbladet, Klassekampen, Dag og Tid og Morgenbladet, i tillegg til eit prislønna forfattarskap som mellom anna omfattar sakprosabøkene Berlinhistorier - kald krig i den delte byen og Det var DDR - forteljingar om eit nedlagt land.
- Syn og Segn er ein viktig arena å få nye stemmer og nye tema ut i offentlegheita. Eg har eit stort engasjement for gode debattar og for nynorsk, og ser fram til å byrje i jobben, seier Dypvik ifølgje pressemeldinga.
Dypvik vil starte seinast 1. januar 2021.
Syn og Segn er eit tidsskrift for kultur, samfunn og politikk - og blei stifta av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894. Tidsskriftet er eigd av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget.
Image-text:
- Syn og Segn er ein viktig arena å få nye stemmer og nye tema ut i offentlegheita, seier Astrid Sverresdotter Dypvik.
Foto: Tobias-Heiberg / Det norske Samlaget


































































































