Landbruksminister Jon Georg Dale har nyleg bestemt fleire endringar i prisutjamningsordninga for mjølk, etter ein høyringsrunde. Mellom anna har han auka kapitalgodtgjeringstilskotet til Q-meieria med anslagsvis 25 millionar kroner.
Både Tine og begge faglaga meiner det vil svekke norsk mjølk si konkurransekraft å legge disse ekstra kostnadene i PU-ordninga. Det er ikkje Dale einig i.
- Nei. Eg meiner det er handlingsrom i PU-ordninga til å handtere dette, når ein no gradvis utfasar for eksempel eksportstøtta til Jarlsberg. Det viktigaste bidraget for å halde oppe konkurransekrafta til norsk mjølk, er at forbrukarane kan velje mellom konkurrerande norske alternativ. Alternativet til det, er økt importkonkurranse. Derfor meiner eg at å sørgje for at vi har aktørar i meieribransjen som kan bidra med mangfald til forbrukarane, er ei effektiv måte å styrke norsk mjølkeproduksjon på.
- Du har lagt om ordninga, slik at kapitalgodtgjeringa blir eit resultat av kor godt Tine driver. Kvifor det?
- På grunn av Tine sin store, dominerande rolle, er det utfordrande å vere å vere utfordrar i mj