Framleis er det dei som heller vil lese på både engelsk og tysk før dei les ei bok på nynorsk. Det er haldningar biblioteka kan gjere noko med, meiner mållaget.
- Bibliotekarane har kanskje større påverkingskraft enn dei sjølv trur. Særskilt er det viktig at biblioteka i nynorskområde viser tydeleg at dei høyrer til det målføret, både i skilting og i utstillingar. Og i bokmålsområda kan dei gjere mykje ved å ha ein tanke på kva bøker dei stiller ut og anbefaler folk å lese, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.
Selde mindre
Det er lite statistikk på kva målføre bokutlånet har, men i ei svært uhøgtideleg undersøking blant sju av dei største biblioteka i landet, svarar alle at dei ikkje tek spesielt omsyn til målføre når dei stiller ut bøker, om det ikkje er eit spesielt fokus i utstillinga. Dei fleste fortel også at det er få som ikkje vil lese nynorsk, men det er framleis nokre.
- Det er litt sånn at eg har forfattarskapen min, den består av titlar. Og så har eg den der nynorskboka, seier Tore Renb