Boka er ikkje minst også resultat av eit forlagsarbeid i toppklasse (v/redaktør Lars Aase); den er konstruert etter ein innbydande lærebokmal, med mengder av oppfriskande mindre innslag, så som tabellar og kart m/oversikt over slavehandelens reiseruter, oversikter over ressursar og folkegrupper, fotografi og bilete av afrikansk kunst, omtalar av forfattarar og filosofar. Det er ei folkebok, utan fotnotar, og boksidene er delt i to spalter. Ikkje minst er verket uvanleg velskrive, lett og variert i syntaksen og framfor alt klari framstillinga. Her og der får vi attpåtil afrikansk språkleg krydder i form av nedarva ordtak.
Samtidig er den faglege, profesjonellestandarden tatt vel vare på. Linné Eriksen gjer i innleiinga grundig greie for dei metodiske problema eit verk av denne typen nødvendigvis har hatt å streve med. Afrika er ikkje berre det største kontinentet, men er også markert skilt av historiske grunnar mellom det arabiske nord og resten, med sine «kvite» spesialinnslag som Sør-Afrika og Rhodesia. Hovudgrepet til Eriksen verkar fornuftig. Framstillinga hoppar frå land til land og frå tema til tema, men utan å gi vrak på kronologi og periodisering.
Framstillinga av afrikansk oldtid er kort, men svært interessant. Kanskje det mest overraska