Panorama Nyheter
10.12.2019
MENINGER: Det er beklageleg at fredsprisvinnaren ikkje stiller til pressekonferanse. Men det er feil å bruka det som prov på at han har misforstått kva pressefridom handlar om.
Frå norsk hald kan det verka pussig at Abiy Ahmed ikkje vil møta pressa når han er i Oslo. Etter å ha fått den gjevaste av alle prisar har han ei eineståande moglegheit til å fronta landet sitt og få eit internasjonalt publikum til medemer-filosofien sin.
Les merMen Abiy Ahmed vurderer dette annleis, og det er det fleire moglege grunnar til. Forklaringa om at han har eit stramt program kan høyrast ut som ei dårleg orsaking, men er reell nok sett i lys av at Abiy held fram med sitt høge tempo på denne reisa og kombinerer fredsprisseremonien med møte med europeiske leiarar samstundes som han konstant følgjer utviklinga i heimlandet. Han har tilgodesett knappe to dagar til Oslo-turen, og komiteen har måtta nedjustera ymse punkt på programmet.
Prestisjen til Nobels fredspris på verdsbasis er uomtvisteleg. Men prisen har ikkje nødvendigvis så stor betydning for ein gjennomsni