AddToAny

Å ha felles barn med nokon med rusmiddelproblem: ein kvalitativ pilotstudie

Samandrag Mål: Å undersøkje erfaringar med å ha eit barn med nokon som har eit rusmiddelproblem. Kjenneteikn ved erfaringane og meistringsstrategiar vart utforska. Metode: Det vart gjennomført eit semistrukturert fokusgruppeintervju med (N = 4) personar som oppsøkte eit meistringstilbod som følgje av sin relasjon til nokon med eit rusmiddelproblem.
... Deltakarane var foreldre anten i ein romantisk relasjon med, eller som ekspartnar til, personen med eit rusmiddelproblem. Tematisk analyse vart bruka for å analysere intervjua. Resultat: I hovudsak rapporterte deltakarane betydeleg belasting som konsekvens av foreldresamarbeidet. Foreldra rapporterte omfattande bekymring og anstrenging i sine forsøk på å kompensere for den potensielle skaden barnet vart påført av å ha ein forelder med eit rusmiddelproblem. Foreldra rapporterte ulike erfaringar med profesjonell bistand, der fleire opplevde å ha blitt ytterlegare belasta av samhandling med hjelpeinstansar. Konklusjonar/implikasjonar: Desse førebelse resultata underbyggjer ein samanheng mellom å ha eit barn med nokon med eit rusmiddelproblem og potensiell traumatisk belasting, og understrekar behovet desse foreldra har for tilstrekkeleg støtte. Våre observasjonar treng å undersøkast vidare i ein ny studie med eit større utval. Rusavhengnad inneber at ein prioriterer å ruse seg framfor å ta vare på andre viktige livsområde som arbeid, helse og relasjonar (World Health Organization, 2019). Pårørande kan rapportere opplevingar av kriminalitet, økonomiske vanskar, vald og aggresjon, svekka helse, samt ein ustabil livsførsel i relasjonen til den med rusmiddelproblem (Arcidiacono et al., 2009). Ein litteraturgjennomgang av studiar viste at å vera pårørande til nokon med rusmiddelproblem i stor grad påverkar psykisk og fysisk helse (Orford et al., 2010a). Døme på plager var angst, depresjon, søvnproblem og å ikkje kunne jobbe (Templeton et al., 2007).
Ein modell for å forstå dei pårørande sin situasjon er «stress-strain-coping-support»-modellen, der desse fire faktorane blir skildra som essensielle i korleis dei pårørande opplever sin situasjon, og kor negativt dei eventuelt blir påverka (Orford et al., 2010a). Forfattarane argumenterer for at situasjonen kan vera så belastande (‘stress') at den fører til svekka helse (‘strain'), og at tilgang på sosial støtte (‘support') og type meistring (‘coping') vil mediere denne samanhengen.
At pårørande har psykiske og fysiske plager, har ein også sett i norske studiar. Nordlie (2003) fann at 96 % av familiemedlem av personar i rusbehandling, som sjølve mottok hjelp, hadde hatt muskel- og skjelettplager, og over 60 % hadde opplevd hovudpine og/eller plager med magen. Ein nyare studie fann at 62 % av pårørande rapporterte om psykiske symptom (Hoel & Geirdal, 2017). Høie og Sjöberg (2007) har gjennom intervju fått innsikt i den emosjonelle belastinga det fører med seg å vera pårørande. Det finst ikkje norsk forsking på dei pårørande sine opplevingar av hjelpetenestar.

Den føreliggande studien
Pårørande blir i forskingslitteraturen ofte definert som søsken, foreldre, barn, partnarar, ektefeller eller sambuarar. Forfattarane har ikkje funne studiar som spesifikt har undersøkt pårørande som har felles barn med eit individ med rusmiddelproblem. Utvalet i denne studien er foreldre som har eit felles barn med nokon med rusmiddelproblem, der tre av fire ikkje er i eit romantisk forhold med den andre forelderen.
Omsyn til barnet dominerer deira rolle som pårørande, ettersom barnet er grunnen til at ein framleis har kontakt. Rett til samvær mellom barn og forelder er lovfesta i barnelova (Barnelova, 1982, § 42). Samstundes må samværet vera forsvarleg for barnet (Barnevernloven, 1993, § 1). Dette fører i praksis til ei kontinuerleg vurdering av om barnet får forsvarlege samvær.
Føremålet med studien var å gjennom eit fokusgruppeintervju undersøkje opplevingane til foreldre som har barn med nokon med rusmiddelproblem. Ved eit kvalitativt forskingsdesign var det ønskeleg å få rike, subjektive skildringar om kva som kjenneteiknar deira erfaringar.

Metode
I tråd med målsetjinga til studien var det ønskeleg å fange opp sentrale tema og mønster i deltakarane sine subjektive erfaringar. Då det finst lite kunnskap om denne gruppa pårørande, vart kvalitativ metode vurdert som best eigna. Vi rekrutterte aktuelle deltakarar til eit fokusgruppeintervju i juni 2018. Fokusgruppeintervjuet vart leia av førsteforfattar og medstudent som eit ledd i å skrive hovudoppgåver ved profesjonsstudiet i psykologi ved NTNU (Hedley, 2018; Høydal, 2019). Denne artikkelen byggjer på same materiale som oppgåvene og er vidareutvikla av førsteforfattar.
Andreforfattar var også med under intervjuet i rolle som rettleiar og deltok ikkje aktivt. Fire personar deltok i intervjuet, og alle hadde eitt barn med nokon med rusmiddelproblem (sjå tabell 1).
Deltakarane vart rekrutterte blant pårørande tilknytt Lærings- og mestringssenteret (LMS) ved ein behandlingsinstitusjon som tilbyr behandling til personar med rusmiddelproblem. Føremålet med LMS er å gje pårørande til personar med rusmiddelproblem kunnskap for betre å mestre kvardagen som pårørande og slik få auka livskvalitet. Nokre av dei pårørande hadde kjennskap til kvarandre i kraft av å ha delteke på same tiltak over tid. To av fire rapporterte å ha blitt diagnostisert med ei psykisk liding som dei tilskreiv si rolle som pårørande, medan dei to andre ytra å ha opplevd tunge periodar, men nytta andre ord og uttrykk.Vi valde fokusgruppeintervju framfor individuelle intervju for å dra nytte av dynamikken i samtale blant fleire pårørande, til dømes ved at ulike synspunkt kunne bli delt og drøfta. I dette tilfellet var fokusgruppeintervjuet einaste kjelde, på bakgrunn av at ein kanskje ikkje får tak i same kunnskap på andre måtar (Dilshad & Latif, 2013). Vi nytta ein semi-strukturert intervjuguide med sju hovudspørsmål, der nokre av dei hadde tilleggsspørsmål, og der dei fleste var opne. Utfyllande intervjuguide ligg som vedlegg i hovudoppgåvene (Hedley, 2018; Høydal, 2019). Ikkje alle spørsmåla blei stilte i intervjuet, då det undervegs vart vurdert hensiktsmessig å følgje engasjementet til deltakarane.

Etikk
Prosjektet vart godkjent av Regional komité for medisinsk og hels
Gå til mediet

Flere saker fra Tidsskrift for norsk psykologforening

Via ditt medlemskap i Psykologforeningen får du tre timer gratis privatjuridisk bistand samt ubegrenset telefonbistand til generelle spørsmål - en slags privat juridisk førstehjelp!
Skard tar oppgaven med å beskrive mine motiv og meninger, for deretter å fremme motargument. Jeg kjenner meg ikke igjen i hans fremstilling av mine motiv og meninger.
Valgkampen i 2025 gir ekko av valgkampen i 2019, men kun et fåtall husker denne. Et tilbakeblikk er nødvendig for å forstå konfliktlinjene i dagens valgkamp.
Det skal forhandles lønn for alle kommunalt ansatte psykologer innen 1. oktober. Du må finne ut hvordan dette skal foregå, og hvordan du vil bli ivaretatt - hvem skal forhandle for deg?
Hva en lidelse kalles kan ha stor betydning og øke tilfriskningstroen hos den det gjelder.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt