Tidsskrift for norsk psykologforening
03.06.2016
Det enklaste og det vanskelegaste, å vere i kontakt gjennom å falle til ro.
Pulsen aukar ved når ein legg seg ned, tankane rasar når det vert stille, rastløysa buldrar i einsemda. Å vere stille, å ligge stille, gjer at ein må kjenne. Ein tvingast til å kjenne i kroppen, kjenne etter, og kroppen vil fortelje. Når det ein kjenner, er uro eller kaos, er det ikkje godt å falle til ro. Ein vert engsteleg.
Det er vanskeleg det her. Å lytte til kroppen, lytte til våre eigne kjensler, lytte til våre eigne behov. Om vi ikkje lyttar undervegs i kvardagen, vil kroppen rope høgare når vi forsøkjer å falle til ro, og ein kan ynskje seg vekk frå det. Ubehaget hindrar kroppen i å roe ned. Vår emosjonelle kroppstilstand lever, sjølv om vi forsøkjer å falle til ro. Også i søvne har kroppen noko den vil fortelje. Utmatting kan sjølvsagt leie til søvn, men kanskje utan at kroppen kvilar, og alarmen går i draumeland. Om vi ikkje lyttar inn vårt indre, og kva kroppen vil fortelje oss, gir vi på eit vis frå oss kontrollen. Uroa, angsten, stresset og kroppsspenningane tek over, og innskrenkar vår kapasitet til å falle til ro, vår kapasitet til å regulere oss.
Det
Gå til medietDet er vanskeleg det her. Å lytte til kroppen, lytte til våre eigne kjensler, lytte til våre eigne behov. Om vi ikkje lyttar undervegs i kvardagen, vil kroppen rope høgare når vi forsøkjer å falle til ro, og ein kan ynskje seg vekk frå det. Ubehaget hindrar kroppen i å roe ned. Vår emosjonelle kroppstilstand lever, sjølv om vi forsøkjer å falle til ro. Også i søvne har kroppen noko den vil fortelje. Utmatting kan sjølvsagt leie til søvn, men kanskje utan at kroppen kvilar, og alarmen går i draumeland. Om vi ikkje lyttar inn vårt indre, og kva kroppen vil fortelje oss, gir vi på eit vis frå oss kontrollen. Uroa, angsten, stresset og kroppsspenningane tek over, og innskrenkar vår kapasitet til å falle til ro, vår kapasitet til å regulere oss.
Det