AddToAny

- «EXCELLENCE» SKADAR FORSKINGA

- «EXCELLENCE» SKADAR FORSKINGA
Jamnare fordeling av forskingsmidlar er betre for både forsking og samfunn, konkluderer ny studie.
FORSKINGSKVALITET Debattar om forskingspolitikk er ofte prega av semje om at forskingskvalitet må vere det viktigaste kriteriet for å få midlar, og at konkurranse om midlar er den beste måten å sikre god kvalitet på. Internasjonalt er «excellence» blitt eitt av dei mest brukte omgrepa i akademia, og også norske aktørar snakkar stadig oftare om «eksellens» trass i at ordet ikkje finst i ordboka. I pågåande debattar om forskingskvalitet er ideen om «eksellens» sentral, og «kvalitet» er meir og meir å forstå som «framifrå kvalitet».

I ein ny artikkel, som førebels er tilgjengeleg som førtrykk-versjon, stiller forskarar frå Storbritannia og Australia spørsmål ved om retorikken om «excellence» verkeleg fører til «excellence», og konkluderer med at det gjer det ikkje - snarare tvert imot.



- KJENNER IKKJE TOPPFORSKING

- Vi er alle involverte i vitskapleg publisering på eitt eller anna nivå, og spørsmålet vi stilte oss, var: Er vi gode til å kjenne att framifrå forsking når vi ser det? seier Martin Paul Eve til Forskerforum. Eve er professor i litteratur, teknologi og publisering ved Birkbeck, University of London og initiativtakar til organisasjonen Open Library of Humanities, som arbeider for open tilgang til humanioraforsking.

Forfattarane gjekk igjennom vitskapleg litteratur om publisering og kvalitetsvurdering i forsking. Dei konkluderer med at forskarar er notorisk dårlege til å sjå forskjell på forsking som er «framifrå», og forsking som berre er «god».
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt