AddToAny

«Ein er berre ikkje sjuk»

«Ein er berre ikkje sjuk»
MIN MENING: Det er uetisk å sende kunstnarar ut på skular for å formidle kultur til våre barn, utan å tilby dei eit sikkerheitsnett, skriv Hans Martin Austestad.

Eg kjem fram til hotellet i Mo i Rana utan stemme, med gul hoste og iskalde føter. Det er minus 20 grader ute. Det er onsdag, eg har allereie spelt tre skulekonsertar dagleg i tre dagar i denne tilstanden. Også heile førre veke. Dette sneik seg vel fram på turneen før der. Men eg har jobba. Ein er berre ikkje sjuk, fortel eg meg sjølv og legg meg under dyna på hotellrommet. Eg ringer produsenten for DKS-turneen eg er på, forklarer at eg må til legen. Eg blir møtt med full forståing og varme av min arbeidsgjevar, og det blir ordna slik at eg kan komme meg heim. Me avlyser to dagar inntil vidare, så eg kjem meg til legen for å sjekke meg. Heldigvis har eg teke på meg turneen som arbeidstakar, og blir behandla som ein. Eg har slutta å ta denne typen jobb som frilansar for lenge sidan. Ikkje kjennest det ut som eit frilansoppdrag, og ikkje er eg interessert i å sitje med risikoen for å bli sjuk for eiga rekning.

Eg drar til legen. Kraftig lungebetennelse.

- Kan eg vere på jobb mandag?

- Er du vanvittig? Sjukmelding i to veker!

Resterande få dagar av turneen vert avlyst. Eg har ingen jobb som ventar etter dei siste to turnédagane, så sjukmeldinga blir på to dagar i staden. Eg er sur. Eg klarte det nesten, men ikkje heilt.

Ein er berre ikkje sjuk

Eg tenker på at 200 ungar går dagleg glipp av skulekonsertopplevinga dette halvåret på grunn av at eg ikkje klarer å vere på jobb. Det kjennest som ein straff for meg. For ein er jo berre ikkje sjuk! Sjølv når ein er sjuk, så er ein ikkje sjuk. Ein tygg Idoform, Paracet, drikk Cosylan, solbærekstrakt, kamillete. Alt som kan hjelpe der

Les mer

Flere saker fra Kontekst

Pianolærer Ragnhild Eline Hoen fant ikke læremateriell som passet, og lagde en bok selv.
Kontekst 27.09.2023
For første gang har en tenor vunnet Den norske solistpris.
Kontekst 27.09.2023
Ny Norsk Standard for konsertlokaler er endelig klar etter flere høringsrunder. Med dette er den gamle fra 2014 helt erstattet.
Kontekst 25.09.2023
Trenger du en sparringspartner? published | author Redaksjonen Norsk Tonekunstnersamfund lanserer en mentorordning hvor utøvere innen det klassiske feltet kan ønske seg en mentor blant foreningens medlemmer.
Kontekst 25.09.2023
Tradisjonshåndverkere jubler forsiktig over det regjeringen kaller «et historisk løft». Men blir det utdannet mange nok med kompetansen til å gjennomføre?
Kontekst 25.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt