Norsk Landbruk
02.02.2017
Å lagre grovfôr i pølser er like godt som andre gode metodar for lagring av grovfôr, meiner fôringsspesialist.
Som kunde hos Keenan får Lauritz Haarr tett oppfølging av fôringsspesialist Lennart Karlsson. Rådgjevaren, som sjølv driv eit mjølkebruk i Sverige, meiner at kyrne til jærbonden har respondert godt på fôret.
- Å fôre med grassurfôr frå pølse, kan kanskje best samanliknast med å fôre frå tårnsilo, men sidan kapasiteten på innlegginga er så stor, blir kvaliteten jamnare. Fôranalysane viser at Haarr har gjort ein veldig god jobb med slåtten, seier Karlsson.
MÅ HA TØRT GRAS


































































































