Forskerforum
26.02.2024
Det ser ut til at offentleg tilsette fekk ein liten reallønsauke i fjor. Men vegen fram er lang, meiner Unio og Forskerforbundet.
I midten av februar kom førebelse tal frå Teknisk berekningsutval (TBU), som er eit viktig grunnlag før lønsoppgjeret. Jamt over hadde nordmenn ein reallønsnedgang på 0,4 prosent i fjor. Statstilsette kom betre ut enn snittet med 6,4 prosent lønsvekst, medan lønsauken generelt var på 5,5 prosent. Endeleg ein seier for dei offentleg tilsette, som dominerer Unio? Nei, «en svale gjør ingen sommer», skreiv Unio på heimesidene.
Bakteppet er om lag dette: Dei siste åra har vore prega av reallønsnedgang. No vert det eit nytt oppgjer prega av dyrtid og høg rente. Då bitast hestane.
Unio, hovudorganisasjonen til Forskerforbundet, var tidlegare alliert med LO og YS i lønsforhandlingane. Akademikerne, den fjerde hovudorganisasjonen, heldt på med sitt og hadde eigen tariffavtale med staten. I åra med Solberg-regjering var det Akademikerne som passa best med lønspolitikken
Gå til medietBakteppet er om lag dette: Dei siste åra har vore prega av reallønsnedgang. No vert det eit nytt oppgjer prega av dyrtid og høg rente. Då bitast hestane.