Bondebladet
15.12.2016
Ciderhuset frå Sogn og Fjordane, Dyre Gård frå Østfold og J Kristiansen Gartneri AS frå Aust-Agder kjempar om å bli årets bedriftsutviklar i landbruket. - Som alltid er det knallhard konkurranse om prisen, og det er bra.
Det viser at det gror godt blant ulike gründerverksemder og gardsrelaterte næringar i heile landet, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Norge, i ei pressemelding.
Les mer- Sjølv om det er ei vanskeleg oppgåve å peike ut ein vinnar, så er det likevel ei takksam oppgåve å skulle velje mellom så gode og flotte kandidatar, legg ho til.
Får prisen under Grüne Woche
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket (tidlegare bygdeutviklingsprisen) har vorte delt ut kvart år sidan 1997.
Fylkesvinnarane har kvar motteke 50.000 kroner, og vinnaren av den nasjonale prisen vil i tillegg reise heim frå Berlin 250.000 kroner rikare.
Prisen vert delt ut av divisjonsdirektør Inger Solberg i Innovasjon Norge og landbruks- og matminister Jon Georg Dale under landbruks- og matmessa Internationale Grüne Woche i Berlin 19. januar.
- Med bedriftsutviklingspris


































































































