Forskerforum
31.10.2023
Kva ville du gjort om du vart lottomillionær? Det var eit av livets store spørsmål på 1700-talet også.
På nettsidene til statens speleselskap Norsk Tipping står det at pengespelet Lotto kom til Noreg i 1986. Men det er den moderne tv-versjonen. Det første statsautoriserte lottospelet vart annonsert i Noreg i 1771, kan Johanne Slettvoll Kristiansen fortelje. Både Sverige og Danmark-Noreg innførte statlege lottospel dette året.
- Men medan Sverige valde å drive det som eit reint statslotteri, valde Danmark-Noreg å sette ut drifta til ein tysk entreprenør, så det vart ikkje drive for statens eiga rekning. Dette var eit av hovudspørsmåla ved etableringa av lotteria, seier ho.
«Frivillig skatt» Kristiansen er kulturhistorikar og postdoktor ved NTNU, der ho ser på debatten kring statslotteri i Skandinavia på 1700- og tidleg 1800-tal. Men då lottospelet kom til Noreg, hadde det allereie spreidd seg over det meste av Europa, etter at det først oppstod i Italia.
Marius Warholm Haugen, professor i fransk litteraturvitskap og leiar for forskingsprosjektet, fortel at lotteria heng i hop med at nye finansielle instrument, som forsikring og spekulasjon, vart utvikla på denne tida.
- Statslotteriet framstod dessutan som ein tiltalande måte å skaffe pengar til statskassa på, seier han.
- Ein idé som sirkulerte, var at lotteriet var ein frivillig skatt, eller kanskje ein skatt på folks lettlurtheit.
Sjølv fatta han interesse for lotteria då han for nokre år sidan skreiv om ein italiensk 1700-talsroman om ein kvinneleg lottospelar.
- Det trigga meg, for eg vaks opp med ein far som kvar laurdag sa at no kan de gle dykk til måndag, for då skal vi kjøpe ny bil. Eg visste ikkje at det fanst lottospel på 1700-talet. No oppdaga eg at det eksisterer ein underskog av lottolitteratur i fransk og italiensk 1700-talslitteratur, som er mitt felt. Eg tenkte at dette var noko ein burde studere i eit breitt europeisk perspektiv.
q prosjekt der ein studerer kulturelle, politiske og økonomiske aspekt ved statsautoriserte lotteri på 1700- og 1800-talet Frå moro til samfunnsproblem For medan det er gjort noko h
Gå til mediet- Men medan Sverige valde å drive det som eit reint statslotteri, valde Danmark-Noreg å sette ut drifta til ein tysk entreprenør, så det vart ikkje drive for statens eiga rekning. Dette var eit av hovudspørsmåla ved etableringa av lotteria, seier ho.