Forskerforum
31.10.2023
Professoren har bustete hår og briller. Kven i all verda er amanuensen?
Amanuensis er ei vitskapleg stilling som ligg over vitskapleg assistent, men under fyrstelektor. Amanuensis-stillinga er på veg ut av bruk, men fyrsteamanuensis er høgst levande, som ei stilling eit knepp under professor. Kor kjem desse nemningane frå?
- Amanuensis stammar frå latin. Preposisjonen «a» kan vi omsetje med «frå» og «manus» med hand, altså «frå handa». I Romarriket var amanuensis ein lese- og skrivekunnig slave, som skreiv for meisteren, altså eigaren. Nokre førte òg rekneskap, seier Ole Våge. «Manus» har her altså ikkje noko med fysisk arbeid å gjere, som i manuell.
- Ein amanuensis var ein som sat og skreiv.
Våge understrekar at han er språkmann og ikkje universitetshistorikar, men har funne at ordet amanuensis i Noreg går tilbake til 1800-talet og vart brukt om ein underordna, vitskapleg tenestemann.
- I Knud Knudsens ordbok er ordet forklåra som «skriver, skribent, sekretær». Dette peikar ikkje nødvendigvis mot bruk berre i akademia, men kan hende det er innforstått, seier Våge. Det fyrste dømet han finn på bruk av «fyrsteamanuensis» er frå 1846. Kategorien oppstod som ei opprykksstilling frå amanu
Gå til mediet- Amanuensis stammar frå latin. Preposisjonen «a» kan vi omsetje med «frå» og «manus» med hand, altså «frå handa». I Romarriket var amanuensis ein lese- og skrivekunnig slave, som skreiv for meisteren, altså eigaren. Nokre førte òg rekneskap, seier Ole Våge. «Manus» har her altså ikkje noko med fysisk arbeid å gjere, som i manuell.