AddToAny

Kommentar til artikkelen «Kjernemuskeltrening lover mer enn det kan holde: En forsknings- og erfaringsbasert gjennomgang»

Atle Hole Sæterbakken, Dr.philos., professor ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. atle.saeterbakken@hvl.no.
Vidar Andersen, Dr.philos., førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. Innleiing
Denne fagartikkelen er fagfellevurdert etter Fysioterapeutens retningslinjer, og ble akseptert 5. september 2022.
Ingen interessekonflikter oppgitt.

Artikkelen ble først publisert på www.fysioterapeuten.no.

Det er gledeleg å lese gjennomgangen av kjernemuskulaturtrening frå eit forskings- og erfaringsbasert ståstad [1]. Artikkelforfattarane skal ha ros for arbeidet og dei trekker fram fleire gode poeng som vi seier oss heilt einige i. Likevel, det er nokre moment som vi meiner det er på sin plass å presisere då vi meiner svaret ikkje er så svart/kvitt som artikkelforfattarane uttrykker. Til dømes skrivast det at «kjernemuskulaturtrening vil for de fleste utan ryggplager vera virkningsløst». Frå eit hypotetisk-deduktiv ståstad, er det utfordrande å etterprøve slike formuleringar eller delar av artikkelen der ord som «lover», «vår erfaring» og «lapskaus trening» nyttast. Samtidig har vi kome til erkjenninga: Kunnskapsfronten flyttast gjennom både empiri og erfaring, der mangel på empiri ikkje er det same som at ein kan forkaste ein hypotese. Vidare vert manglande vitskapleg dokumentasjon mellom kjernemuskulaturtrening og idrettsprestasjon påpeika, men utan utdjupande konkretisering av kva dei legg i idrettsprestasjon. Idrettsprestasjon er avhengig av idretten si eigenart og funna frå litteraturen kan difor ikkje generaliserast til all idrettsleg prestasjon. Men artikkelen (etter vår tolking) reiser eit viktig spørsmål: Er kjernemuskulaturtrening nødvendig vist ein trener
Introduksjon: Kjernemuskulaturtrening har blitt nytta som eit supplement til anna trening i idretten. Den vitskaplege evidensen om temaet har auka betydeleg det siste ti-året og blitt omfamna og konseptualisert av klinikarar, treningsbransjen, mosjonistar og idrettsutøvarar.
Hovuddel: Artikkelforfattarane til artikkelen «Kjernemuskeltrening lover mer enn det kan holde: En forsknings- og erfaringsbasert gjennomgang» retter kritikk mot den vitskapleg dokumentasjonen av effekten av treninga for å auke prestasjon i idrett og mot å førebygge ryggplager. Mykje av kritikken støtter vi, men ei rekkje ting er også upresist uttrykk. Dette
tung styrketrening med baseøvingar som knebøy, markløft og framover-bøygd ståande roing? Spørsmålet har blitt stilt i ulike fora der debatten har vore polarisert og i all hovudsak basert på personlege preferansar og/eller erfaringar. Underteikna skal avslutningsvis prøve å utdjupe vårt syn frå eit evidensbasert ståstad.

Hovuddel
Kjernemuskulaturtrening har blitt omfamna og konseptualisert av klinikarar, treningsbransjen, mosjonistar og idrettsutøvarar. Den evidensbasert litteraturen på treningsintervensjonar på ulike populasjonar har derimot hengt etter, men i det siste ti-året har vitskaplege publikasjonar auka betydeleg. Mykje av kritikken frå artikkelforfattarane er retta mot effekten av kjernemuskulaturtrening i høve til førebygging og behandling av ryggplager. Kritikken er på sin plass. Samstundes, og kanskje spesielt i kliniske samhengar, er det å kunne dokumentere effekt vanskeleg. Likevel, enten det er «til tross for» eller «på grunn av», rapporterer mange betring av ryggsmerte med kjernemuskulaturtrening [2-3]. Vi støtter artikkelforfattarane at den klare kausale samhengen mellom årsak-verknad er uklar i mange habiliterings- og rehabiliterings-samanhengar [4
gjeld spesielt idrett og prestasjon. Vidare er det problematisk at litteraturgjennomgangen manglar utviklinga av forskingsfronten det siste ti-året.
Avslutning: Kunnskapsfronten flyttast av praksisfeltet og gjennom empire i ulik takt. Mangel på empiri er ikkje det same som å forkaste ein hypotese. Spørsmålet vi stiller er ikkje om ein som idrettsutøvar skal trene kjernemuskulaturtrening, men korleis?
Nøkkelord: Idrettsprestasjon, buk- og ryggtrening, idrettsutøvarar, årsak-verknad, evidens.

6]. Då vi har sterkt avgrensa klinisk erfaring, vil konteksten vidare i all hovudsak vera retta mot idrett og prestasjon.
Frå ein vitskapleg ståstad, er forsking på kjernemuskulaturtrening i sin spe start. På 80- og 90-talet kom dei fyrste studia leia av Panjabi, Hodges, Richardson og McGill der fokuset låg på potensielle orsakar av korsryggsmerter [712]. Som studentar på 2000-talet vart vi undervist i «nøytrale soner, feed-forward/feed-backward, weak links, isolerte og isometriske core øvingar og serape effect» [7-13]. Dette var forskingsfronten då og det var difor ikkje unaturleg at idretten, og seinare treningsbransjen, nytta den litteraturen som var tilgjengeleg. På slutten av 2000-talet tok fleire forskarar til ordet for eit skifte i kjernemuskulaturtrening og betydninga av den [14-15]. Med andre ord meiner vi at forskinga må sjåast
Gå til mediet

Flere saker fra Fysioterapeuten

Kunsten å undre seg når andre preges av frustrasjon: Joost van Wijchen søker samtale når andre river seg i håret.
Fysioterapeuten 22.01.2025
Mer enn 20 prosent av alle arbeidsdyktige i Norge står utenfor arbeidslivet. Andelen unge på uføretrygd er mer enn doblet siden 2010. Ved Rehabiliteringssenteret AiR i Rauland, har fagteamet fire uker på seg for å få folk tilbake i arbeid.
Fysioterapeuten 22.01.2025
Inger-Johanne Skjold, MSc. fysioterapeut, psykomotorisk fysioterapeut, Åstveit Helsesenter. inger.johanne.skjold@gmail.com.
Fysioterapeuten 08.05.2024
Fysioterapeuten 24.01.2024
Kontaktpersoner er bindeleddet mellom avtalefysioterapeuter og kommunen. I Indre Østfold bidrar Terese Brustad og Hege Fundingsrud Novak til å synliggjøre fysioterapeuters rolle.
Fysioterapeuten 24.01.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt