Kari Sigrun Lysne er ein av produsentane som har lukkast med morellproduksjon i Lærdal, og no prøver ho ut aprikos og tindved. Engasjement for næringa har ført Lysne inn i fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag og Grøntutvalget i Norges Bondelag.
- Det er viktig å få frukt, bær og grønt inn i diskusjonane. Her i Lærdal har me gode miljø for bringebær, frukt, grønt og poteter. Men næringa har store utfordringar, bl.a. tollvernet. Frukt- og grøntprodusentane får lite overføringar, men det er bra at Lærdalsbøndene får distriktstilskot fordi det er lang veg til marknaden, seier Lysne.
Ho meiner det er dyrt å produsere i Norge med høgt pris- og lønnsnivå og mykje frakt.
- Alle som driv konvensjonelt med frukt og grønt har eit felles ønskje om middel over jordbruksoppgjeret for å få godkjent nye sprøytemiddel ein har bruk for i små kulturar. Kampen står ofte mellom korn, kraftfôr og gras, men frukt og grønt er viktig i område kor desse produksjonane er store. Men det er vanskeleg å bli nok synlege nasjonalt, seier den engasjerte fruktbonden.
Moreller og sauKari Sigrun Lysne overtok Midt Ljøsne 1. januar 2000, då var det ikkje drift på garden. Men allereie det første året blei ho med på utplanting av morelltrer, og denne produksjonen har slått til.
Produsentane har stått


































































































