Første steg
01.10.2021
Danning i barnehagen er langt meir enn god bordskikk og gode manerar. Det er også å leggje til rette for barnas utforsking og nysgjerrigheit.
Danning er eit svært spennande omgrep som ofte vert nemnt i same andedrag som barnehagen, og det er ikkje uvanleg at barnehagen vert omtalt som ein god og viktig danningsarena. Likevel må det kunne seiast at danning er eit uklårt omgrep som kan vere vanskeleg å forstå. Danning er likevel eit omgrep barnehagetilsette skal kjenne til, då det står i barnehagelova og rammeplan for barnehagen at barnehagen skal fremje danning (barnehagelova, 2005, § 1; Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 21).
EIT UTFORDRANDE OMGREP
Pålerud (2013) skriv at det er utfordrande å definere omgrepet danning, og at det må sjåast som eit omfattande omgrep (s. 161). Om ein skulle ville prøve å definere omgrepet danning gjennom teori, så er det ein god start å nemne danning sine røter i det tyske nyhumanistiske omgrepet
bildung, som betyr danning på tysk (Aase, 2005, s. 22). Ein kunne også valt å nemne korleis danning kan sporast heilt tilbake til den greske antikken og omgrepet paideia (Doseth, 2011, s. 13). Sjølv om det er absolutt nyttig kunnskap, så vert det vanskeleg at alle som jobbar i barnehage, skal vite noko om dette.
LETTARE Å FORSTÅ OMSORG, LEIK OG LÆRING
I rammeplanen kan ein sjå at i tillegg til danning, så er leik, omsorg og læring nokre sentrale omgrep, jamfør Kunnskapsdepartementet (2017, s. 19-22). Hadde ein nemnt leik, omsorg og læring til barnehagetilsette, så ville alle visst kva det går ut på i barnehagekvardagen. Hadde ein nemnt det til menneske som ikkje jobbar i barnehage (eller utdanningssystemet), så ville dei aller fleste visst kva dei tre nemnde omgrepa går ut på. Sjølvsagt ville ikkje alle menneske hatt den same kompetansen som barneh
Gå til medietEIT UTFORDRANDE OMGREP